Hopp til innhold
?

Jeg er lei, har ingen motivasjon og vil bare sove. Hva kan jeg gjøre?

Mann 22 . 11 April 2024

Spørsmål

Jeg er bare lei av alt, og har null motivasjon til alt. Vil egentlig bare ikke være noe som helst og bare sove. Alt det som ga meg glede er ikke gøy lengre, jeg vil bare ikke mer.

Mann (22)

Psykolog svarer

Hei

Du skildrar at du er lei, motivasjonslaus, nedstemt og uten glede. Dette høyrast vondt ut! Du stiller ikkje noko spørsmål, men eg tenkte eg skulle seie litt om kva som kan vere grunnen til slike plager og kva som kan vere ein veg ut av ein slik tilstand. 

Å vere lei og motlaus er eit vanleg fenomen. Dette er også vanlege symptom på depresjon, og i SHoT-undersøkelsen fra 2022 så sa 13% av av studentane som som svarte at dei følte seg deprimert. Symptoma du kjenner på er du med andre ord ikkje aleine om å kjenne på.

Det kan vere mange grunnar til at ein føler seg slik:

  • Nokon gongar kan fysisk sjukdom føre til slike symptom. Det er derfor ikkje dumt å ta ein sjekk hos fastlegen dersom ein føler seg nedstemt og motlaus.
  • Kompliserte livshendingar aukar risikoen for at ein blir nedstemt og deprimert. Helsenorge.no nemner hendingar som samlivsbrot, dødsfall, økonomiske vanskar og sosial isolasjon som typiske triggarar for slike plager. Kanskje har du vore igjennom noko slikt?
  • Nokon kvardagsrutiner kan også bidra til både å utløyse  nedstemtheit. Har du snudd døgnet, slutta å vere aktiv eller spist for lite kan du få slike symptom.
  • Nokon har også ein medfødd sårbarheit for å bli deprimert. Dette kan gjere at ein reagerer meir depressivt enn andre vil gjere på ein komplisert situasjon.

Det er fleire ting ein kan gjere for å komme seg ut av ein slik tilstand. Eg har lagt ved ein artikkel som gir 7 råd for å komme seg ut av. Kanskje kan dette vere til hjelp? Nokon får også god hjelp av dette sjølvhjelpskurset mot depresjon

Nokon som føler seg som du gjer kjenner eit behov for nokon å snakke med. Om det er slik for deg er det fleire du kan kontakte. Den lokale samskipnaden din har både terapeutar og rådgjevarar som er vande å snakke om slike plager. 

Det er også fleire hjelpetelefonar ein kan kontakte:

Mental Helse: 116 123 (hele døgnet)
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Chat med Kirkens SOS hver dag fra 18.30-22.30 (fredag frem til 01.30)
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) (Alle dager fra kl 16.00 til kl 06.00)

Eg håper noko av dette var til nytte.

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: