Kva er ADHD? ADHD (Attention Deficit/Hyperactivity Disorder) er ein diagnose som skildrar det å streve med merksemd, hyperaktivitet og impulsivitet. Dei fleste ser på ADHD som ein medfødt problematikk, og for å få diagnosen må vanskane ha vore til stades allereie i barndommen. Vanlege tiltak er tilrettelegging, undervisning og medisinar. Du kan lese meir om ADHD på helsenorge.no.
ADHD og student
Statistisk sett vil 2-3% av unge vaksne tilfredsstille kriteria for denne problematikken, noko som betyr at mange studentar lever med denne problematikken både diagnostisert og udiagnostisert. Mange studentar har gode intellektuelle evner, og har lært seg måtar å kompensere for og skjule typiske ADHD-vanskar. Derfor kan det vere vanskeleg å observere typiske ADHD-symptom i denne gruppa. Mange merkar først at dei har eit problem når krava aukar på studiet. Da kan det bli vanskelegare og meir krevjande å kompensere for konsentrasjonsvanskar, og ein ender opp med å ikkje makte å følgje studieprogresjon eller bli veldig sliten.
Korleis få diagnosen?
For å få diagnosen må du bli utreia av ein fagperson. Denne fagpersonen vil sannsynlegvis både utføre nokon testar, få deg til fylle ut nokon skjema, ta ein lengre prat med deg om vanskane dine og snakke med nokon som kjente deg som barn. På bakgrunn av denne informasjonen vil fagpersonen gjere ei heilskapleg vurdering om du tilfredsstiller diagnosekriteria for ADHD. Det er også viktig at ein lege vurderer om det kroppslege grunnar til vanskane.
Utreiing i det offentlege
Du kan både bli utreia for ADHD av offentleg helsevesen og i det private. I det offentlege blir slike utreiingar gjort på Distriktspsykiatriske sentra (DPS), og du må ha ei tilvising frå fastlegen din for å kunne få hjelp der. For å ha rett på ei slik utreiing i det offentlege, må vanskane gi deg betydelege funksjonsvanskar i kvardagen din, som for eksempel at du ikkje får gjennomført studia dine.
Mange studentar har funne seg måtar å meistre ADHD-vanskane sine på slik at dei klarer å stå på eksamen og gjere det nødvendigaste på studiet. Desse vil derfor sjeldan få tilbod om utreiing i det offentleg.
Privat utreiing
Mange opplever at sjølv om dei får gjort det dei må på studiet, har konsentrasjonsvanskane store konsekvensar. Om du ikkje har rett på offentleg utreiing, står du fritt til å kjøpe deg ei utreiing privat. Ei slik utreiing er ofte kostbar, som oftast i prisområdet kr. 10000-20000. Utreiinga blir som oftast gjort av ein psykolog(spesialist) eller nevropsykolog i samarbeid med ein lege. Googlar du «utredning ADHD» vil det sannsynlegvis dukke opp fagfolk i din nærmaste by som tilbyr slik utreiing.
Kan eg prøve medisin?
Dersom du har fått diagnosen ADHD kan ein lege som er spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, pediatri, psykiatri eller nevrologi skrive ut medisin dersom hen vurdere det som noko som kan vere nyttig for deg. Fastlegen din vil følgje opp denne medisineringa. Du kan lese meir om utreiing og behandling av ADHD på NHI.no
Kva tiltak kan gjerast om eg har ADHD?
Mange som strever med ADHD treng å legge til rette kvardagen sin for å få den strukturen dei treng. Det finnast ein del kurs i dette, for eksempel PEGASUS-kurs som blir tilbydd i spesialisthelsetjenesta. ADHD Norge har mykje god informasjon, for eksempel om korleis ein kan legge til rette ein arbeidsplass om ein har ADHD
Kva har eg rett på om eg har fått AHDH?
Har du fått ei ADHD-diagnose har du rett på tilrettelegging på studieplassen. Slik tilrettelegging vil vere individuelt tilrettelagt, og ein fin person å starte å snakke med er ein rådgjevar på studiet ditt. Ein rådgjevar kan vise deg vegen vidare til rette person. Typiske tiltak kan vere utvida eksamenstid, eksamen på eige rom, skjerma lesesalsplass etc. Du kan lese meir om rettane dine som student på ADHDNorge sine sider ().