Samanlikning av faglege resultat og prestasjonar i idrett

Ved visse studieretningar er det stor grad av samanlikning av karakterresultat, og såleis også eit høgt press på å få gode karakterar samt positive undervegsvurderingar. Eg går på eit studie der dette fokuset ikkje fell seg like naturleg som det kan gjere ved andre studieretningar. Men, trass i at det ikkje er eit karakterpress der, kjenner eg likevel eit press som ligg der og ulmar. Karakterar gjer det jo mogeleg å samanlikne meg objektivt med andre, sjølv om eg veit at karakterar kan vera tilfeldige, avhenge av sensor og ikkje eigentleg seier noko om kven du er eller kva du kan.

Det er også fort gjort å samanlikne seg med andre ved andre typar prestasjonar, som til dømes idrett. Ved lagspel er tanken at laget skal løfte kvarandre opp og fram, men det er lett at lagspelarane samanliknar seg med kvarandre sine prestasjonar. Dette kjente eg på handballbanen. Eg kjente på ei kjensle av at eg aldri kom til å bli like flink som dei andre. Om ein lar dette ta overhand, kan samanlikning med andre stele både fokus og idrettsglede og i ytste konsekvens få deg til å slutte.

Studenter skriver

Vi i Studenterspør.no ønsker oss stemmer som forteller om hvordan det er å være ung, student og menneske i dag. Dette er ett av de innsendte bidragene. Vil du skrive for oss, kan du se hvordan du går frem her.

Samanlikning av utsjånad

Stadig blir me utsett for vakre og veltrente menneske rundt oss, som vi så inderleg skulle ønskje vi såg ut som, både i verkelegheita og på sosiale media. Samanlikning av utsjånad har kanskje vorte endå meir framståande ved den auka eksponeringa av opererte kroppar og ansikt på nettopp sosiale media. Konsekvensen av samanlikning av utsjånad kan vere at ein utviklar ein sterk utsjånadsfiksering, som vidare kan føre til at ein ikkje klarar å tenkje på noko anna enn til dømes korleis nasen ser ut i sideprofil på bilete, eller korleis smilerynkene formar seg når ein smiler. Utsjånadsfikserte samanlikningstankar kan difor gripe sterkt inn og gå sterkt utover sjølvkjensla.

Samanlikning av mine eigne føresetnadar målt opp mot andres

Trass i at eg somme tider kan ta meg i å samanlikne meg med andre både med tanke på prestasjonar og utsjånad, er det i større grad den meir omfattande samanlikninga av livet i seg sjølv og dei ulike føresetnadane ein har i livet, som tek mest fatt i meg, og gir dei meste ubehagelege kjenslene. Eg kan ofte ta meg sjølv i å tenkje at andre er mykje heldigare enn meg, at dei har eit betre utgangspunkt til å lukkast i livet enn det eg har. Særleg samanlikning av økonomi speler inn her.

Eg opplever at det er mange studentar kring meg som anten bur i ein leilegheit foreldra eig, eller har kjøpt for studenten. Medan eg på den andre sida leier ei lita hybel og betaler den heilt sjølv utan noko hjelp. Trass i at eg er klar over at mange andre også sit i liknande situasjon som meg, klarar eg ikkje å tenkje klårt over dette medan eg sit i mine djupe samanlikningskjensler. Denne samanlikninga som vert gjort, utan at eg vil eller ønskjer å kjenne på det, er ubehageleg og gjer meg misfornøgd og oppgjeven.

Samanlikning er berre ei kjensle

Medan eg sit med desse tankane og kjenslene, anten om det er knytt til prestasjonar, utsjånad eller kjensle av urettferd, sit kanskje motparten som eg samanliknar meg med og samanliknar seg med noko eg har, eller med noko eg får til. Kanskje har eg ting i livet mitt som den eller dei manglar eller saknar. Kanskje er eg i realiteten så heldig at eg har noko som ikkje utan vidare lett kan skaffast. Kanskje har eg ein relasjon, eller til og med ein eigenskap som denne personen, eller desse personane eg samanliknar meg med skulle ønskje at dei også hadde.

Eg opplever at det å bruke mykje energi på samanlikning fører til mykje unødvendig tankesperring for dei gode, positive tankane og kjenslene eg elles har om mitt eiga liv. Samanlikning er berre ei tanke eller ei kjensle. Viss eg klarar å endra tankegongen min frå å tenkje at alle andre har det betre og er heldigare enn meg, til å starte å tenkje meir over dei fine tinga, menneska og eigenskapane eg har i livet mitt, kan kanskje denne slitsame og eigentleg unødvendige samanlikninga gradvis minke.

Men i mellomtida står vi der då. To motpartar som samanliknar oss med kvarandre. Tullete eller?