Spørsmål
Jeg sliter psykisk og har per dagsdato vært sykemeldt i nesten 4 uker. På sykemeldingen min står "depresjon". 2023 har vært det tøffeste året mitt mentalt og emosjonelt, med noen bedre perioder, men har stort sett hatt det veldig vanskelig. Mye av det jeg sliter med nå, i tillegg til min psykiske helse, er skammen rundt det å være sykemeldt. Nesten alle i mitt liv (psykolog, lege, familie, arbeidsgiver, kolleger, venner) har møtt meg med empati, forståelse og har vært støttende. Det er fortsatt mye uro og skam knyttet til det å "ikke være som de andre". Jeg har tanker som at "jeg ikke er syk nok" og "de andre er ikke sykemeldt, hvorfor klarer ikke jeg å fungere normalt?". Jeg har blitt fortalt av både psykolog og lege at jeg har depresjon (ikke alvorlig). Spesielt de dagene jeg føler jeg ha mer overskudd enn ellers så får jeg skyldfølelse fordi jeg ikke føler meg "syk nok". Jeg skjønner kognitivt at det ikke er lurt å stresse seg over sykemeldingen, synes det er vanskelig å unngå det
Psykolog svarer
Å vere sjukemeldt kan vere vanskeleg. Dei aller fleste av oss ønskjer å ha noko å gjere i kvardagen, å bidra med eit eller anna og ha kjensla av å at det ein kjem med har verdi. Dette er kjernen av det ein i samfunnspsykologien kallar mattering, som handlar om å oppleve å vere av betydning. Når ein blir sjukemeldt kan det følast som ein mistar dette. Det er slik sett eit sunnheitsteikn i deg at du saknar dette, og at noko i deg openbart ikkje likar å vere sjukmeldt.
Å handtere å vere sjukemeld
Men nokon gongar er det likevel riktig å bli sjukemeldt. Nokon gongar blir det for mykje, og ein treng ekstra tid og rom i kvardagen sin for å komme til hektene. Da er det viktig å legge til rette for at dette ekstra rommet kan bli så nyttig som mogleg. Det kan høyrast ut som at både skamma og uroa di gjer dette vanskeleg for deg, spesielt når du har litt betre dagar.
Her er eit par ting som kan hjelpe å tenke på:
- Betring frå psykiske vanskar går sjeldan i ei rett linje. Du vil ha både gode og dårlege dagar. Dersom du føler deg vesentleg betre over ein lengre periode kan du vurdere du skal snakke med legen din om å avslutte sjukemeldinga.
- Hugs at du ikkje er aleine. I løpet av livet vil 50% av oss oppleve psykiske plager av ein slik grad at det tilfredsstiller ei diagnose. Akkurat no er det din tur, men mange andre vil hamne i din posisjon i løpet av livet.
- Kva ville du sagt til ein god venn som var sjukemeldt og kjente på skam for det? Prøv å sjå om du kan hente fram den omsorga og støtta du ville hatt for nokon andre og gi den til deg sjølv.
Om du ikkje har snakka med nokon om uroa og skamma rundt sjukemeldinga, kan du vurdere å gjere det. Det høyrast ut som at du har både psykolog, lege og folk rundt deg som du kan snakke med. Kanskje kan desse også hjelpe deg med å finne fram den sjølvomsorga og sjølvstøtta du treng for å komme deg tilbake til der du var før?
Om du av ein eller annan grunn ikkje kan snakke med dei om dette, kan du kontakte din lokale studentsamskipnad. Dei har fleire erfarne samtalepartnarar som kan hjelpe deg.
Eg har også lagt ved eit par artiklar som kan vere nyttig for deg.
Venleg helsing frå psykologen