Spørsmål
Hei, Jeg har nå slitt lenge med mye forskjellig og gått gjennom mye i løpet av livet, som gjør det vanskelig for meg å ha det bra. Jeg trenger noen som kan hjelpe meg og som jeg kan snakke med om alt... men jeg har prøvd flere ganger for å få en psykolog, ingenting funker... Var hos fastlegen idag, han anbefalte meg å dra til sit sitt psykisk helse senter, men jeg er ikke student i trondheim, jeg tar bare opp fag, og da var ikke det noe for meg. Så kunne jeg dra til trondheim kommune sin rask psykisk helse hjelp, men der er det aldri noen ledige timer og de jeg ringte hadde heller ikke mulighet for å hjelpe meg... Jeg har det veldig vondt, men vet ikke om jeg orker å søke om hjelp lenger, siden det virker helt umulig. Dette er heller ikke første gangen jeg prøver å få hjelp og ender opp med å gi meg til slutt, også et år senere så merker jeg at jeg ikke kan leve sånn her lenger og prøver igjen. Kan jeg få tips til hva jeg kan gjøre?hjelp?...
Psykolog svarer
Det er veldig frustrerande å kjenne at ein har behov for hjelp, forsøke å finne riktig tilbod og ikkje lukkast. Dessverre er du ikkje aleine om dette. Det er mange som fortel om å vere for frisk for eit tilbod, for sjuk for eit anna og ikkje tilfredsstille kriteria for eit tredje. Nokon få har råd til å kjøpe seg eit privat tilbod, men dei fleste har ikkje økonomi til dette. Mange gjer då som deg, og gir opp. Du er ikkje aleine.
Ikkje gi opp
Det er samstundes godt å høyre at du ikkje gir opp, og at energien for å gi det eit nytt forsøk kjem tilbake. Det er mange tilbod der ute som kan vere riktig for deg, men det er ikkje alltid lett å finne fram. Det er krevjande å vere tolmodig og halde ut når ein får mange negative svar, men det er samstundes einaste måten å gjere det på om du skal lykkast.
Her er eit par forslag på tilbod du kan sjekke ut, som du kanskje ikkje har sett på:
- Hos Psykologisk poliklinikk, NTNU får du gratis behandling av psykolog-student under tett rettleiing av ein erfaren psykolog.
- Rask psykisk helsehjelp i Trondheim kommune har som du veit ei rekkje tilbod, og eg vil oppfordre deg til å forsøke dei på nytt. Kanskje har dei eit kurs eller gruppetilbod som kan vere aktuelt?
- NHI har ei rekkje gratis og gode sjølvhjelpskurs basert på kognitiv terapi på sine heimesider.
- Ung.no tipsar som fleire gratis appar som kan hjelpe
- Om du blir student ein dag har den lokale samskipnaden din også fleire relevante kurs og samtaletilbod.
Tilboda over, og ei rekkje andre tilbod som kanskje kan vere relevant, er spesifisert i oversikten Sit har laga over hjelpetilbod for folk med psykiske plager. Der kan du f.eks. finne tilbod om du strevar med rus eller mat, har vore utsatt for seksuelle overgrep eller er pårørande til nokon som strevar med rus. Eg har også lagt ved ein artikkel som eg håper kan vere nyttig.
Masse lukke til. Eg håper du finn nok som passar for deg.
Venleg helsing frå psykologen