Hopp til innhold
?

Jeg sliter psykisk på grunn av rus i familien, hvem kan jeg snakke med?

Kvinne 19 . 25 Oktober 2023

Spørsmål

Hei! Jeg sliter psykisk med nære relasjoner til rus i familen i tilegg til ulike andre psykiske påføringer igjennom livet. Hvordan kan jeg få hjelp til å snakke om dette?

Kvinne (19)

Psykolog svarer

Hei

Å vere pårørande til menneske som strevar med rus er krevjande. Mange opplever, slik som deg, at det fører til psykiske vanskar. Det høyrast også ut som du har opplevd andre vanskelege ting, så eg kan godt forstå at du har behov for nokon å snakke med. 

Her er eit par forslag til kven du kan ta kontakt med:

Blå Kors - Kompasset tilbyr terapi og rettleiing til pårørande av menneske med rusproblem. Det er gratis, du treng ikkje tilvising frå lege og mange av dei store byane har eit kontor. Dei tilbyr også terapi over nett.

Fastlegen din er også ein god samtalepartnar. Hen har også oversikt over aktuelle tilbod for deg, og kan hjelpe deg med å bli tilvist ditt lokale distriktspsykiatrisk senter (DPS) dersom de vurderer at det er riktig tilbod for deg. DPS er organisert under ditt lokale offentlege sjukehus.

Det går også an å kontakte din lokale studentsamskipnad. Studentsamskipnadane har erfarne rådgjevarar, helsesjukepleiarar og terapeutar som kan hjelpe deg med dine vanskar eller gi deg gode råd på vegen. 

Det finnast også ei rekkje sjølvhjelpsprogram for psykiske vanskar som du kan sjekke ut. 

Eg har også lagt ved ein artikkel som har fleire tips om kven du kan snakke med. 

Lykke til!

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: