Hopp til innhold
?

Jeg er redd for å ta kontakt med psykolog, hva kan jeg gjøre?

Kvinne 22 . 26 Oktober 2023

Spørsmål

Jeg har egentlig lyst til å ta kontakt med psykolog, men kjenner jeg har en del sosial angst jeg sliter med. Synes det er vanskelig å ta kontakt og er redd for å bry noen med mine tanker selv om jeg tror det hadde vært for det bedre. Noen tips til hvordan jeg kan komme meg ut av den tankegangen?

Kvinne (22)

Psykolog svarer

Hei

Mange av dei som ønskjer nokon å snakke med strevar med å be om hjelp, ta plass og å vere til bry. Denne problematikken fører ofte til at ein strevar med å sette grenser og ivareta seg sjølv i møte med andre. Paradoksalt fører dette også til at det blir vanskeleg å be om hjelp. Mange fryktar at ein vil bli til bry for psykologen sin og at ein eigentleg burde la nokon andre få psykologplassen sin.

Dette er vanlege tankar å ha. Det er normalt at dei vanskane som ein har i livet ellers også viser seg i samspelet med psykologen. I ditt tilfelle gjer det det vanskeleg å be om hjelp, men om du først kjem deg til ein psykolog vil det også gi deg ein moglegheit til å jobbe med "vere til bry" for psykologen. 

Har du fortalt nokon om tankane dine om at du føler deg til til bry? For mange er det nyttig å seie slike ting høgt til nokon dei stolar på, f.eks. ein venn eller ein i familien. Fastlegen din kan også vere ein person å snakke med. Den lokale studentsamkipnaden din har både rådgjevarar og helsesjukepleiarar som du kan drøfte psykologbehovet ditt med. Dei har også erfarne terapeutar om du tek avgjersla om å søke hjelp. Desse terapeutane kan enten hjelpe deg direkte eller hjelpe deg med å finne riktig tilbod for deg. 

Eg har også lagt ved eit par artiklar som kan vere til hjelp.

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: