Spørsmål
Hei! Siden jeg startet på studiet mitt i 2022, har jeg merket at jeg sliter mer og mer med å holde konsentrasjonen og oppmerksomheten oppe, når jeg enten er i undervisning, eller sitter med lekser. På ungdomsskolen og vgs hadde jeg litt av det samme problemet, men ikke i like stor grad, da pensum og oppgaver ikke var like omfattende. Jeg er ellers en aktiv gutt på fritiden, og engasjert i fagene på studiet, men lurer på om det er mulig å ha utviklet en form for konsentrasjonsvansker i denne alderen?
Konsentrasjonsvanskar er eit vanleg problem å ha for studentar. Det er eit plagsomt problem og det kan ha mange årsakar. Eg tenkte at eg kunne forklare nokon typiske årsaksmekanismer bak slike vanskar. Kanskje er det nokon av desse som kan forklare noko for deg?
- Konsentrasjon er noko av det første som blir krevjande om ein ikkje har det bra. Ei kvar utfordring i livet som vekkjer kompliserte kjensler vil påverke konsentrasjonen din, som f.eks. om det er ei konflikt i kollektivet, om du er forelska, om kjærasten vil gå frå deg eller om nokon i famliien er blitt sjuk. Det er vanskeleg å konsentrere seg om skulen om ein har vanskelege kjensler på innsida.
- Det å kjenne at det er vanskelegare å konsentrere seg når ein har flytta heimefrå er også vanleg. Som student må dei fleste ordne med masse praktisk som ein tidlegare har fått hjelp med, som f.eks. å passe på døgnrytme og å få i seg mat. Begynner ein å spise dårlegare og å sove uregelmessig får mange dårlegare konsentrasjon.
- Nokon fysiske sjukdommar kan også gi konsentrasjonsvanskar. Om du lurer på om dette kan gjelde deg, bør du kontakte fastlegen din.
- Det er også vanleg at studentar først oppdagar at dei har meir grunnleggande konsentrasjonsvanskar etter at dei har blitt student. Du skriv at dette ikkje har plaga deg då oppgåvene var enklare. Mange opplever at dei ikkje lenger klarer å handtere konsentrasjonsutfordringane sine når krava blir høgare, eventuelt at ein må jobbe hardarde og at ein då blir veldig sliten. Det blir med andre ord meir krevjande å kompensere for underliggande konsentrasjonsvanskar. For nokon er slike konstentrasjonvanskar så omfattande at ein vil kunne diagnostisere det som ADHD.
Eg også har lagt ved eit par artiklar knytt til konsentrasjon og ADHD.
Masse lykke til og håper du finn ut av vanskane dine.
Venleg helsing frå psykologen