Hopp til innhold
?

Jeg føler meg så stygg, hva kan jeg gjøre?

Kvinne 22 . 20 Februar 2025

Spørsmål

Jeg føler meg så stygg.. I alle fall på bilder og videoer, noe som gir meg veldig lav selvtillit og selvfølelse. Selv om jeg har massevis av ting jeg er stolt av - er utseendet noe jeg lener mye av selvfølelsen på og noe som ikke vil endre seg. Er jeg stygg eller klarer ikke andre å fange «skjønnheten» min på kamera? Føler meg fin i speilet, men når jeg føler meg dårlig og stygg så fører det til en dominoeffekt av overspising og dårlige vaner pga. stress og tanker..

Kvinne (22)

Psykolog svarer

Hei

Utsjånad og stress

Korleis vi ser ut, har alltid vore viktig for oss – og slik vil det truleg alltid vere. Vi ønskjer å vere attraktive og bli sett på som vakre. Med sosiale medium og eit uendeleg utval av perfekte bilete berre eit tastetrykk unna, har fokuset på utsjånad auka kraftig.

Ei studie frå 2016 viste at utsjånad er det som opplevast som viktigast for ungdom sitt sjølvbilde. Du er altså ikkje åleine om å streve med dette.

"Eg føler meg så stygg"

Når du seier "Eg føler meg så stygg", er det verdt å merke seg at "stygg" ikkje er ein følelse – det er ein tanke eller ei vurdering du har gjort om deg sjølv. Det er lett å overtenke, gruble og fokusere for mykje på utsjånaden sin. Denne måten å tenkje på kan naturleg nok føre til vonde kjensler.

Om du kjenner deg igjen i dette, har eg lagt ved ein artikkel om bekymring og overtenking og korleis du kan bryte ut av det mønsteret.

Å samanlikne seg med det perfekte

Mange av bileta vi ser på nett, er retusjerte, tatt med optimal belysning og frå vinklar som framhevar alt som skal framhevast. Dei er ofte tekne av menneske som lever av å sjå bra ut. Samanlikna med slike bilete kjem vi alle dårleg ut!

Det er fint å høyre at du ser godt ut i spegelen – for i spegelen har vi alle same utgangspunkt. På nett derimot, er føresetnadene heilt ulike. Eg har også lagt ved ein artikkel skriven av ein av studentane våre om nettopp det å samanlikne seg med andre, og også ein om å vere snill mot seg sjølv.

Når stress, overspising og utsjånad heng saman

Du nemner også at du strevar med overspising og stress, og at alt dette heng saman. Eg veit ikkje kor stort problemet er for deg, men for mange kan det vere nyttig å snakke med nokon.

Det finst fleire anonyme snakke- og chattetenester som kan vere til hjelp (sjå under), og den lokale studentsamskipnaden din har både erfarne helsesjukepleiarar, rådgjevarar og terapeutar som er vande med slike tema.

Her kan du finne nokon å snakke med:

  • Mental Helse: 116 123 (døgnopent)
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Chat med Kirkens SOS: kvar dag 18.30–22.30 (fredag til 01.30)
  • Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) (Alle dagar 16.00–06.00)

Masse lukke til!

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: