Hopp til innhold
?

Jeg forsvinner i tankene i sosiale situasjoner, er det vanlig sosial angst?

Kvinne 26 . 13 Mars 2023

Spørsmål

Ofte i en samtale zoner jeg litt ut, slik at jeg ikke hører hva som blir sagt. Dette er virkelig noe jeg prøver å unngå, og har ingenting med at det den andre personen sier er uinteressant eller noe sånt, men tror jeg kanskje blir litt stressa/usikker slik at jeg begynner å fokusere mer på egne tanker, og klarer rett å slett ikke høre andre fordi jeg hører stemmer i hodet på en måte. Dette skjer spesielt ofte rundt gutter som holder øyekontakt. Er dette vanlig sosial angst eller?

Kvinne (26)

Psykolog svarer

Hei

Du er slett ikkje aleine i å forsvinne i tankane når du blir stressa i sosiale situasjonar. Dette er eit vanleg fenomen, som mange opplever som forstyrrande og plagsamt. For mange er det negative tankar om seg sjølv som dukkar opp, og desse tankane kan bli så plagsame at dei nesten blir som forstyrrande stemmer. Dette gjer det ekstra vanskeleg å følgje med i samtalen.

Det kan høyrast ut som det er noko med blikkontakt med gutar som er spesielt stressande for deg. Eg vil anbefale deg å tenke litt over kva som vekkjast i deg når du får slik blikkontakt. Har du nokon dårlege erfaringar med dette, enten spesifikt til gutar eller i sosiale situasjonar generelt? I so fall er det ikkje rart om minner om dette, med tilhøyrande følelsar, blir vekt til live i deg, sjølv om du kanskje ikkje heilt er klar over det i augneblinken. Eller er det kanskje slik at det er det motsette; at det er gode kjensler som bli vekka når du får blikkontakt? Gode kjensler og ønskje om å bli likt av den andre kan også vere komplisert å handtere.

Problemet med å forsvinne inn i tankane er, slik du sikkert har merka, at det gjer det vanskeleg å fokusere på samtalen. Her er eit par triks som kan vere til hjelp:

  • Gjer deg sjølv medviten på kva erfaringar du har med sosiale situasjonar og øv deg på å tenkje omsorgsfulle tankar som «Det er ikkje rart at eg blir litt stressa, då eg har den og den erfaringa».
  • Øv deg på å nøytralt observere tankane som kjem, litt som ein gjer når ein mediterer. Sjå føre deg at tankane er tog på ein travel togstasjon: Du kan ikkje gjere noko med at toga kjem, men du kan velje kva tog du skal hoppe på. Klarer du dette, vil du oppleve at du blir mindre oppslukt av tankane.
  • Husk at om ein forsøker å unngå ein tanke, dukkar den ekstra sterkt opp. Berre prøv å ikkje tenke på ein rosa elefant, og sjå kva som skjer...

Eg har også lagt til eit par artiklar som kan vere til nytte for deg.

Opplever du dette i så stor grad at det går utover livskvalitet og evna di til å fungere i kvardagen, vil eg oppfordre deg til å be om hjelp frå ein fagperson. Du kan snakke med fastlegen din, eller du kan ta kontakt med studentsamskipnaden din

 

Vennlig hilsen fra psykologen

Jeg synes også du bør lese: