Du har høyrt det før, helsedirektoratet anbefaler minst 30 minutt med fysisk aktivitet kvar dag. Å trene gjer godt for både fysisk og mental helse, blodpumpa får køyrt seg og du kjenner på meistringskjensla. Me veit at det er sunt, bra og viktig, men likevel er det så vanskeleg å kome i gang. Det er ofte mangel på tid eller motivasjon, eller begge deler, og unnskyldningane for å ikkje trene er lette å finne. Korleis kjem ein i gang med å trene, korleis gjer ein fysisk aktivitet til ei vane? Her kjem tips til deg som ønskjer å kome i gang med trening, og bli meir aktiv. Me er alle ulike, og for nokon er det lett å motivere seg sjølv til å trene, for andre er det nærmast umogleg. Eg har tatt med tips basert på mine eigne erfaringar, men òg tips eg har høyrt har vore til god hjelp for andre sjølv om eg ikkje har funne nytte i dei. Altså, prøv deg fram og finn ut kva som funkar for at du skal bli motivert til å trene og gjere det til ei vane.

Finn ein aktivitet du likar

Kanskje det aller viktigaste tipset eg kan kome med både for å kome i gang, men spesielt for å fortsette å gå på trening. Tenkjer du at du aldri vil finne ei form for trening du kjem til å like? Ikkje gje opp heilt enda, prøv noko nytt, det finst så mange formar for trening. Er du framleis ikkje overtydd? Kva med å gjere noko kjipt og kjedeleg litt kjekkare? Høyr på favoritt-podcasten eller ei god lydbok når du joggar. Finn ut kva som gjer treninga mindre kjipt for deg.

STUDENTSKRIBENT

Hei! Studenterspør redaksjonen har ansatt studenter til å produsere innhold på sidene våre. Denne artikkelen er derfor til deg som student, fra en student.

Avtal trening med ein ven

Om du avtalar å trene med ein ven er terskelen litt høgare for å ikkje gå på trening fordi da må du bryte ein avtale som ikkje berre er med deg sjølv. Å gå på trening ilag med ein ven betyr ikkje nødvendigvis at de må gjere akkurat det same heile tida. Tren kvar for dykk, men så kan de ta pausar ilag, eller gjer første del aleine og siste del av økta ilag. Uansett er det ein motivasjon og tryggleik i å gå på trening ilag.

Gå på gruppetimar

Personleg likar eg gruppetimar veldig godt. Det gjer meg ekstra motivasjon, eg greier å pushe meg sjølv litt ekstra og eg lærer mykje nytt. I tillegg sett eg pris på å ha eit fast klokkeslett eg må vere på trening. Det finst mange ulike gruppetimar du kan melde deg på, så her er det gode sjansar for å prøve noko nytt og finne ein time med ein aktivitet du likar.

Meld deg inn i ei foreining som driv med idrett

Det finst mange studentforeiningar som driv på med ulike sportar og sjansen er stor for at du finn noko du synest er kjekt. Igjen, som med å avtale trening med ein ven eller å gå på gruppetimar, er dette noko avtalt og konkret som gjer det vanskelegare å droppe trening dei dagane der motivasjonen manglar. I tillegg er det sosialt og ei god avkopling frå studiekvardagen.

Tren heime

Dei fire tipsa over er alle basert på dette med å trene saman med andre og å ha ein konkret avtale å gå til. Men kanskje høyrest dette berre stressande og kjipt ut for deg? Likar du ikkje å trene ilag med andre? Vil du helst trene akkurat når det passar deg? Fortvil ikkje! Det er ikkje mykje du treng for å få til ei god treningsøkt heime. Har du litt golvplass har du eigentleg alt du treng. På nett er det utruleg mange gode resursar tilgjengeleg.

Sett deg mål

Lag deg nokre mål for kor ofte du vil trene, kva du vil gjere og kva du vil få til. Dette er ein kjelde til god motivasjon, så lenge måla er realistiske. Om du sett deg alt for høge mål vil dei virke mot si hensikt, mangel på meistringskjensle gjer fort at du kastar inn handkleet. Sjølv brukar eg å ha eit minimumskrav eg skal greie når eg er på trening. Viss eg kjenner at motivasjonen manglar eller at dagsforma ikkje er på topp gjer eg dette minimumet og er fornøgd med det. Om eg er motivert og treninga går lett, ønskjer eg å gjere det litt betre en kva eg gjorde førre gong eg trena.

Viktigast av alt; Ver fornøgd med deg sjølv

Du kom deg på trening – kjempebra. Gratuler deg sjølv og kjenn på meistringskjensla. Du kan til og med påskjønne deg litt, kjøp noko godt på veg heim, eller gjer noko du synest er kjekt. Dette hjelp deg med å få eit positivt forhold til det å trene, noko som er viktig for å få forholdet til å vare.