Spørsmål
Hva skjer med studentboligen hvis jeg tar permisjon i 6 måneder?
Det skjer ikkje noko med husleigekontrakta di om du tek permisjon frå studiet. Så lenge du har betalt semesteravgift ved studieplassen din kan du leige studentbustad der.
Om du ynskjer å seie opp bustaden din i perioden du har permisjon frå studiet, vil eg anbefale deg å sjekke reglane for oppseiing i husleigekontrakta di. Dette kan variere hos dei ulike samskipnadane. Om noko er uklart kan du ta direkte kontakt med samskipnaden du leiger hos.
Om du ynskjer å søke studentbustad igjen på eit seinare tidspunkt, stiller du som hovudregel på lik linje med resten som søker studentbustad. Du kan eventuelt forklare situasjonen og legge inn til dømes ynskje om å få bu på same plass som tidligare i søknaden din.
Lykke til:)
Vennlig helsing frå sosionom