Kjenn dine rettar

Gjer deg kjent med husleieloven. Det er ein lov som regulerer pliktar og rettar i forhaldet mellom uteleiar og leietakar. Husleieloven er eit minimum, kontrakten din kan ikkje vere noko dårlegare enn det som står her, og er det noko som ikkje står i kontrakten er det husleieloven som gjeld. Loven er tung og vanskeleg å lese, men regjeringa har ei side med diverse PDF-filar som forklarar dei viktigaste punkta.

Gå på visning

Aldri lei noko usett. Korona-pandemien har heldigvis gjort det meir vanleg med video-visning, altså er det ikkje nokon grunn til å leie usett. Når du er på vising bør du spesielt sjå på standaren på bad og kjøkken, at ting er i orden og at det ikkje er mugg.

Om mogleg er det lurt å snakke med nokon som har budd der før. Fint om denne samtalen finn stad utan at utleier er til stades. Da får du vite korleis det faktisk er å bu der.

Lag søk

Lag deg ein profil på hybel.no eller finn.no da kan utleigarar finne deg i tillegg til at du leiter etter bustad.

Kontrakt og depositum

Du skal ha kontrakt, og denne skal ikkje vere noko dårlegare enn det minimumskravet som er satt i husleieloven. Gjer deg kjent med kontrakten før du signerer. Kontrakten skal vere signert før du flyttar inn. Dette er ein tryggleik for både deg og utleigar. Har du ikkje signert kontrakt har du heller ingen rettar.

Kollektivkontrakt

I eit kollektiv er det aller best å ha individuelle kontraktar, slik at ingen er ansvarleg for nokon andre enn seg sjølv. Om det likevel er ei felles kontrakt, kan det vere lurt å lage ei kollektivkontrakt – ein skriftleg avtale mellom dei som bur i kollektivet.

Depositum

og første leie skal vere betalt før du flyttar inn. Om dette ikkje er mogleg, må du ha ein skriftleg avtale om noko anna frå utleigar. Depositum skal betalast til ein eigen depositumskonto som utleigar er ansvarleg for å opprette (og betale for). Du skal altså ikkje betale noko for å opprette ein depositumskonto.

Når du flyttar inn

Ta bilde av eventuelle feil og manglar, samt slitasje og skadar. Dette er nyttig å ha når du skal flytte ut for å dokumentere kva du ikkje er ansvarleg for. Hugs datomerking på bilda. Det er lurt å informere utleigar om slike feil, manglar, slitasjar og skadar så fort som mogleg. Gjer dette skriftleg.

Lag gjerne ein protokoll for overtaking, til dømes slik som denne frå Huseiernes Landsforbund og Leieboerforeningen.

Vedlikehald

Det er du som leietakar som er ansvarleg for vanleg vedlikehald – dette inneber alt frå å skifte lyspærer og batteri i brannvarslarar, reinse sluk og avløp, olje låsen og andre oppgåver som må gjerast for å halde bustaden i stand. Les om kva husleieloven seier om vedlikehald her

Det er utleigar som er ansvarleg for fastmontert utstyr (kva dette inneber kan variere, men skal vere informert om i kontrakten. Står det ikkje noko der er det husleigelova som gjeld).

All kontakt med utleigar bør vere skriftleg

Da har du noko å vise til dersom ein avtale ikkje blir halde. Om du likevel har kontakt via for eksempel telefon, be om å få den same informasjonen skriftleg. Ein enkel sms er godt nok, så det er ikkje mykje å be om.

Sakleg grunn til oppseiing

Utleigar må ha sterk sakleg grunn for å seie opp leigeforholdet. Dette kan vere om du som leigetakar ikkje overheld pliktene dine, eller om utleigar skal pusse opp, sjølv flytte inn i bustaden eller selje. Oppseiinga skal vere skriftleg og du som leigetakar skal ha rett til å klage.

Endring av husleiga

Husleiga kan endrast ein gong i året etter konsumprisindeksen. Dette skal varslast minst ein månad i forkant.

Om du skulle trenge juridisk hjelp

Eit medlemsskap i Leieboerforeningen kostar 250kr i året, og inkluderer ein viss mengde juridisk hjelp, og rabatterte priser hjelp utover det som er inkludert.

Husleietvistutvalget kan hjelpe om det oppstår konflikt i leieforhaldet.

Studentadvokaten er ein advokatteneste for studentar, det er gratis å ta kontakt og dei er spesialisert på relevante sakar som involverer studentar, som konfliktar med huseigar.

Jussbuss er ein teneste drive av jusstudentar som tilbyr gratis rettshjelp i enkeltsaker.

Nyttige kjelder

Om ulike typar leiekontrakter i kollektiv
Husleieloven i heilskap
Sjekkliste før du skal leie bustad
Gratis husleiekontrakt
Diverse support for leietakarar
Rettar du har som leietakar
Nyttig å vite om husleieloven frå regjeringa