Eg skal ta permisjon på grunn av sjukdom. Kva skjer med studielånet?
Spørsmål
Begge mine foreldre har kreft (mor stadie 4 med spredining til lungene, far hadde spredning til levra vart operert, men no har det potensielt forverra seg). Familien vår har ein gård som vi tenker å selje i år/ neste år. Eg skulle fullføre masteroppgåva i november, men var mykje heime for å hjelpe til på gården forrige semester. Etter å ha forklart situasjonen til fastlege fekk eg legeærklæring på at eg var 100% ut av stand til å studere, men dette måtte førast som eigen psykisk sjukdom for å gå gjennom i systemet. Studieveiledar sa at den "rette" måten å gjere det på i Universitetets system var å søke permisjon. Spørsmålet mitt er då korleis dette påverkar lånekassen/ studielån? Har godkjent støtte for dette semesteret og vår 2027. Om eg ikkje får lån, må eg betale tilbake støtta for august og september? Ei god løysing hadde vore om eg kunne fått lønn som avløysar heime, men kva inntektsgrense gjeld då (i og med at eg har sjukemeld for forrige semester under behandling)?
Du har ikkje rett til lån og stipend når du er i permisjon. Det betyr, at du må melde frå til Lånekassen med ein gong, dersom du tar permisjon no i haust. Du får behalde støtta fram til avbrotsdatoen. Du melder frå om avbrot på "Mi side" hjå Lånekassen, under menyvalet «Melde frå om endringar».
Når du melder frå om avbrot, reknar Lånekassen ut kor mykje støtte du hadde rett til, og om du har fått utbetalt for mykje pengar. Dersom du har fått utbetalt for mykje pengar, blir det overskytande beløpet du fekk gjort om til lån. Du treng ikkje å betale tilbake pengane med ein gong, men beløpet blir lagt til studiegjelda di.
Sjukestipend
Du kan ha rett til sjukestipend når du har vore sjukemeld i meir enn to veker samanhengande. Sjukestipend inneber at at deler av lånet du har fått, g blir gjorde om til eit sjukestipend for noko av tida du var sjuk. Du kan også få sjukestipend etter at du har gått ut i permisjon.
Du kan søke om sjukestipend for førre semester allereie no. Fristen er seks månader etter at semesteret skulle ha vore avslutta. Det tyder vanlegvis at Lånekassa må ha motteke søknaden seinast den 15. desember.
Seinare kan du òg søke om sjukestipend for haustsemesteret 2026, dersom du er sjukemeld i meir enn to veker samanhengande no. Du kan få sjukestipend i inntil 4,5 månader i løpet av eit studieår.
Les meir om sjukestipend på lanekassen.no.
Inntektsgrenser for omgjering
Kva inntektsgrense som gjeld for deg i 2026, kjem an på kor mange månader med støtte du har i 2026. Sjukestipend tel også med.
- Har du fått støtte frå Lånekassen i sju månader eller mindre av året, er inntektsgrensa på 587 053 kroner.
- Har du fått støtte i meir enn sju månader i 2026, er inntektsgrensa 234 821 kroner.
Du kan sjå grensene for inntekt, formue og trygd på lanekassen.no.
Venleg helsing Lånekassen
Kommentarer
Opprett bruker / logg innIngen kommentarer ennå. Bli den første til å skrive!
Del gjerne din mening, erfaringer, og støtte til andre her.
Kommentarer forhåndsgodkjennes, se .
Ønsker du svar fra en fagperson? Send inn eget spørsmål.
Finner du ikke det du leter etter?
Send inn spørsmålet ditt anonymt. Du får svar fra en fagperson, vanligvis innen et par dager.
Spør anonymt












