Spørsmål
Hei! Partnaren min har brukt opp sine 8 år med studiestøtte, men går nå eit masterstudie på fulltid som er sjølvfinansiert. Vil han då ha rett på foreldrestipend frå lånekassen om me får barn under/innan 6 månadar etter han er ferdig på studiet?
Kvinne (31)
Hei!
For å ha rett til foreldrestipend etter fullført grad, så må ein ha hatt rett til stønad i frå Lånekassen dei siste 4 månadene før graden blei fullført. Dersom partnaren din har brukt opp studiestøtta si før det er 4 månader igjen av gradsstudiet, så har vedkommande dessverre ikkje rett til foredrestipend.
Med vennleg helsing Lånekassen på vegne av Studenter spør.
Jeg synes også du bør lese: