Spørsmål
Du spurte om jeg ville Jeg lå der helt stille Jeg sa ja Du sa det kom til å gå bra Jeg var 17, du 23 Vi lå bak et tre Hvorfor måtte du bli Jeg klarte ikke å se Jeg drakk ikke til jeg ikke klarte å gå Jeg drakk ikke til jeg ikke klarte å stå Men det var sånn det ble Hvordan kunne det skje? Ønsket jeg det? Jeg klarte ikke å se Det var ikke meg Men kan jeg klandre deg? Du spurte om det gikk bra Og hun sa jo ja Det sitter igjen Hver gang jeg nærmer meg en seng Jeg har prøvd og jeg vil Men jeg får det ikke til Det går bra Dette er topp Det går bra Jeg kastet opp Det går bra Hvorfor sa jeg ikke stopp?
Du har sendt oss eit dikt, og dikt må jo tolkast. Og eg tolkar det dit at du har hatt sex med nokon utan å eigentleg ville det, og at du har strevd med dette i etterkant. Dikt har også ofte den funksjonen at det forsøker å skildre noko som gjeld mange. Eg tolkar det derfor også som at du på eit nivå veit at du ikkje er aleine om dette. Men kvifor skjer dette?
Det er mange grunnar til at vi menneske kan ende opp med å ha sex utan å eigentleg ville det. Her er eit par årsaker, slik mine pasientar har skildra det for meg. Kanskje kjenner du deg igjen?
- Vi lever i eit samfunn der det snakkast svært mykje om sex. Mange unge har tankar om at dei burde ha meir seksuell erfaring enn dei har. Dei ender derfor opp med å ha sex i eit forsøk på å oppnå dette, heller enn å kjenne etter om ein faktisk har lyst. Ein seier ja, men merkar undervegs eller etterpå at det ikkje var greitt. Forsøket på å passe inn og vere meir slik ein trur at andre er, fører til vonde seksuelle opplevingar.
- Alle menneske har seksuelle fantasiar. Mange opplever at når fantasien blir til realitet at fantasien var betre enn verkelegheita. Mange skildrar at når dei endeleg har sex med vedkommande dei har fantasert om, blir det ei dårleg oppleving. Det som verka som ein spanande idé, enda opp som noko vondt.
- Du skildrar at han var 23 og du var 17. I denne alderen er 6 år stor forskjell. Ofte er slike aldersforskjellar knytta opp mot opplevd maktforskjell, og det blir vanskeleg å seie nei. Om ein i tillegg har hatt opplevingar gjennom livet der eins grenser og vilje ikkje har blitt respektert, opplever mange at det blir enno vanskelegare å seie nei. Dei dårlege erfaringane frå tidlegare påverkar grensesetting i dag.
- Mange som har opplevd at grensene deira har blitt overskridt skildrar at dei blei fysisk kraftlause. Det å miste kraft og få oppleving av å ikkje vere tilstade i seg sjølv, er ein vanleg respons om ein blir veldig redd. Mange som har blitt utsett for uønskja seksuell kontakt skildrar dette, og skammar seg fælt i etterkant for at dei ikkje gjorde meir motstand. Det er då viktig å vite at denne typen angstrespons ikkje er noko vi kan styre, men som kroppen nokon gongar slår på om den opplever seg i fare.
Dette er nokon grunnar til at folk har sex mot si vilje, og det finnast mange andre. Nokon gongar kan det hjelpe å snakke med nokon for å forstå betre kvifor ein gjorde som ein gjorde, og slå seg til ro med det. Om dette hadde vore noko for deg, kan du snakke anonymt på desse tenestene:
Mental Helse: 116 123 (hele døgnet)
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Chat med Kirkens SOS hver dag fra 18.30-22.30 (fredag frem til 01.30)
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) (Alle dager fra kl 16.00 til kl 06.00)
Den lokale studentsamskipnaden din har også erfarne helsesjukepleiarar, rådgjevarar og terapeutar som er vande til å snakke om sex og vonde opplevingar.
Masse lukke til!
Venleg helsing frå psykologen