Hopp til innhold
?

Blir sjalu når kjæresten klemmer og berører andre, hva bør jeg gjøre?

Kvinne 25 . 10 Desember 2024

Spørsmål

Jeg har blit mye sjalu på kjæresten min i det siste. Det begynte med én jente, som han ble nær da han bodde i en annen by, og jeg trodde det bare var unikt for den situasjonen. Men nå kjenner jeg det mer og mer med andre jenter, i virkeligheten og på bilder. Særlig når det gjelder berøring. Jeg har selv ingen venner jeg har en så stor fysisk trygghet med at vi klemmer og berører hverandre mye, og det er et sårt tema for meg, jeg kunne ønske jeg hadde det mer. Men blir lei meg hvis jeg ser han rører ved andre som en selvfølge. Det teite er at jeg selv også kan kjenne en tiltrekning mot et par andre gutter enn ham, og selv om jeg ikke er utro eller noe, så er jeg jo ikke alkurat "uskyldig" selv, og kan vel ikke forlange at hab skal holde seg unna eller ikke føle tiltrekning mot andre jenter.

Kvinne (25)

Sosionom svarer

Hei

Det er ikkje noko god kjensle å kjenne på sjalusi, men du har erkjent at du er sjalu, det er tøft gjort! Då er det lettare å gjere noko med det. 

Det er heilt naturleg å kjenne på ein frykt for å bli forlatt eller avvist av ein person du har tett og nær relasjon til, og sjalusi handlar ofte om nettopp det. Det er eit teikn på at du bryr deg om den andre og forholdet.

Du skriv at han tidligare vart nær ei anna jente. Om ein tidligare har opplevd svik eller ubehag i eit forhold kan dette føre til usikkerheit seinare. Det kan også handle om erfaringar i livet som ikkje har noko med det forholdet du er i no å gjere. Andre treng å jobbe med eigen sjølvfølelse for å klare å slappe meir av i forholdet eller i relasjon med andre.  

Du fortel at du treng mykje fysisk bekrefting i form av berøring og klemming. Det kan vere lurt å tenkje over om kjæresten bekrefter på andre måter enn fysisk berøring også. Det kan vere bekreftande ord, prioriterer å bruker tid på deg, gåver eller handlingar som viser omsorg. Handlingar som viser omsorg kan vere så enkelt som at han kjøper maten du likar, fikser ting som betyr noko for deg eller berre passer på at du har fått med deg votter når det er kaldt ute. Det kan gjere deg meir trygg å sjå kva han gjer for deg.   

Slik eg forstår det skulle du ønske at du var meir fysisk med dine vener enn du er no. Det er mogleg å jobbe med akkurat det. Prøv deg fram litt, kanskje du kan teste ut forsiktig å vere meir fysisk med venene dine? Det kan også hjelpe å snakke med ein fagperson om dette om det er veldig sårt for deg. 

Det er ikkje uvanleg å føle seg tilltrekt av andre sjølv om ein er i eit parforhold. Nokon gonger er det manglar i eige forhold som gjer at ein søker andre, men ein kan oppleve dragning mot andre enn kjæresten utan at det betyr at det er noko galt eller truande for forholdet ein er i. Ein har lov til å tenkje på det ein vil, og ingen kan bestemme over tankane til andre.    

 Her er nokon tips: 

  • Erkjenn følelsane som kjem og luft dei gjerne med nokon du er trygg på eller ein fagperson. Kva ligg bak desse følelsane? 
  • Prat med kjæresten om følelsane dine. Pass på at det handlar om dine følelsar og ikkje nødvendigvis at han gjer noko galt
  • Arbeid med sjølvfølelsen. Finn aktivtetar som gir deg følelse av meistring og glede. Gjer hygglege ting åleine eller med andre enn kjæresten. 
  • Ikkje prøv å kontrollere forholdet, det vil gjere det vanskeligare for begge. Ha tillitt til kjæresten og vis at du har det.  

Vennlig hilsen fra sosionom

Jeg synes også du bør lese: