Spørsmål
Hei, Jeg lurte på om jeg har akkurat begynt på studie i bachelor og føler meg litt usikker på med hvordan man leser pensumlitteratur? Hvordan vet vi at hva er viktig å notere og hva er ikke viktig? Jeg har kommet fra et land hvor det er mye pugging system derfor føler meg litt usikker på hvilken studie teknikk er best å bruke? Takk på forhånd
Undervisninga på studiet er det som gir deg den beste peikepinnen på kva som er viktig å lære. Kva tema har til dømes forelesar plukka ut, kva blir lagt vekt på i undervisninga og kvar kan du finne igjen dette i pensumlitteraturen.
Eksempel på korleis ein kjapt kan få oversikt over innhald i pensumlitteratur:
- Artikkel: Les abstract/samandrag, innleiing, overskrifter, biletetekst og noter eller illustrasjonar.
- Bøker: Oversiktskapittel, innleiing, stikkordsliste og innhaldsfortegnesle.
- Les oppsummering/konklusjon for å få overblikk over hovudpunktene i teksta.
Kva som er riktig studieteknikk varierer frå person til person, og det er inga fasit på det. Det kan også ta litt tid å finne ut kva som fungerer best for deg. Gjennom studieløpet vil du lære deg å skille mellom kva som er det viktige og kva som er meir kjekt å vete. Prøv deg gjerne fram!
Du kan oppleve at du endrar studieteknikk i løpet av studiet, og det treng du ikkje stresse for! Det betyr at du har fått meir innsikt i eiga læring og lærer etterkvart kva som fungerer for deg.
Om du treng å prate med nokon om studieteknikk eller pensumlitteratur så er biblioteket ved studieplassen ein plass du kan gå for å få råd og rettleiing.
Sjekk gjerne ut nettsida Søk & skriv om studieteknikk eller Podcasten om akademisk skriving som er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire bibliotek.
Eg har også lagt ved ein artikkel som eg syns du bør lese.
Lykke til!
Vennleg helsing frå sosionom