Hopp til innhold
?

Jeg føler ikke følelsene mine, hva kan jeg gjøre?

Mann 20 . 16 April 2026

Spørsmål

Hei, Jeg er student i Trondheim og opplever at følelsene mine er dempet. Da jeg var yngre kjente jeg mye på følelser i kroppen, men det forandret seg ganske plutselig da jeg begynte på vgs. Nå føler jeg at jeg på en måte tenker følelser istedenfor å kjenne dem. Jeg har det bra, har gode venner og føler at jeg lever et veldig godt liv, men den kroppslige biten er borte mesteparten av tiden. Kjenner bare noe fysisk hvis det er noe veldig sterkt. Det plager meg mest når det skjer dødsfall i familien, for da føles det som jeg ikke sørger ordentlig. Og så sliter jeg med å bli forelsket, selv om jeg liker noen. Har googlet litt og lest om aleksitymi og forskjellige terapiformer som handler om å koble kropp og følelser. Er dette noe Sit kan hjelpe med, eller må jeg gå et annet sted? Har dere noen råd til meg for å leve bedre med dette?

Mann (20)

Psykolog svarer

Hei

Takk for eit godt spørsmål! Du har heilt rett: Kjensler kjennest i kroppen, og for dei fleste barn og unge er det lett å oppleve dei kroppslig, slik du beskriver. Når ein blir eldre, er det vanleg å forsøke å skjule meir av det ein kjenner. Det kan vere ein konsekvens av at noko vanskeleg har skjedd, men også eit uttrykk for at ein prøver å tilpasse seg og bli vaksen.

Å dempe kjensler gjennom tenking

Ein vanleg måte å dempe kjensler på er gjennom intellektualisering. I staden for å la kroppen få kjenne det den faktisk kjenner, prøver ein å tenkje om kjenslene og regulere dei ved å forstå årsakene til dei. Som psykolog for studentar ser eg dette kvar einaste dag. Studentar er svært gode til å tenkje og forstå, men nokre gonger kan det føre til at ein blir litt fråkopla seg sjølv.

Kunnskap og hjelp

Det finst mykje informasjon om kjensler og korleis ein kan forhalde seg til dei på ein god måte. Mange har hatt god nytte av boka It’s Not Always Depression av Hillary Jacobs Hendel. Ho er på engelsk, men lett å lese. Du kan også ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden din og undersøkje om dei har tilbod som kan passe for deg. Av og til blir det sett opp kurs om korleis ein kan leve betre med kjenslene sine.

Når kjensler blir vanskelege

Nokre gonger fører vanskar med kjensler til symptom som er plagsame eller hindrar oss i å fungere slik vi ønskjer. Nokon blir sjølvkritiske når dei er sinte på nokon dei er glade i, nokon tenkjer at dei er svake dersom dei græt, nokon kjenner skam over seksuelle kjensler, og nokon får dårleg samvit av å ha det bra. Dersom slike symptom går utover livsgnist og fungering, kan det vere lurt å snakke med nokon ein stoler på.

Eg har også lagt ved nokre artiklar om kjensler som kan vere nyttige å lese.

Masse lukke til!

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: