Hopp til innhold
?

Korleis bli kvitt tankane om kjærastens tidligare sexliv?

Mann 22 . 06 August 2024

Spørsmål

Hei! Eg har hatt kjærast i 7 månadar og eg er veldig gla i ho! Ho er i super jente, men fortida hennas plagar meg veldig. Ho har ligget med 24 gutter før meg og heilt ærlig så får eg litt avsmak av dette. Eg sjøl har berre ligget med 3 jenter før ho og alle dei har eg vert glad i, men mange av dei ho har ligget med har ho ligget med berre for å ligge med. Eg synst det er litt ekkelt at ho har hatt seg med så mange før meg og eg tenker veldig masse på det og det er veldig slitsomt. Av og til så tenker eg at eg vil slå opp på grunn av dette. Eg har tatt dette opp med ho, men då blei ho irritert og sa eg ikkje kunne vera sjalu over noko som ho gjorde før me møttest og at ho ikkje kan endre på fortida si og det er jo faktisk sant, ho kan jo ikkje endre på det no. Ho seier ho berre vil ha meg, men eg føler meg ikkje så spesiell når det har vert så mange der før meg og eg veit oppriktig ikkje om eg vil ha ei jente som har hatt sex med så mange. Ka kan eg gjere for å bli kvitt disse tankene?

Mann (22)

Pedagog svarer

Hei

Det høyres ut som at tanken på det tidlegare sexlivet til kjærasten din plagar deg, og at dette er noko som stjel mykje tankekraft og energi i kvardagen. Eg forstår godt at du ønsker å kvitte deg med desse tankane som verkar å overskygge mykje av det som kanskje også er fint med forholdet.

I utgangspunktet tenker eg det er bra at de er åpne med kvarandre om tidligare forhold og sexpartnarar. Men informasjonen du har fått verkar å ha vekt nokre vanskelige følelsar i deg. Det er ikkje alltid så lett å høyre om, og akseptere, kjærastens tidlegare sexliv og valg av partnar(ar). Kanskje spesielt dersom det avviker frå dei vala du sjølv har tatt, eller dei verdiane du har. I artikkelen som eg har lagt ved kan du lese litt om det som blir kall retroaktiv sjalusi. Kanskje er noko av dette gjenkjennbart for deg, og at du finn tips her du kan dra nytte av?

Du skriv at du ikkje veit om du vil vere kjærast med ei jente som har hatt sex med så mange. Det er sjølvsagt heilt greit, og ditt val. Det er viktig at du gjer det som kjennes riktig for deg. I eit parforhold er tillit og respekt grunnsteinar for eit godt samliv. Dersom du vel å bli i forholdet, trur eg det blir nødvendig å akseptere at fortid er fortid, og gå aktivt inn for å legge temaet bak deg. Bruk energien din på det du faktisk kan få gjort noko med, og sjå om du kan klare å dreie fokuset mot det du verdset og er fint for deg.

Eksempelvis så skildrar du kjærasten din som ei super jente – har du lagt merke til kva det er som gjer at du likar ho så godt? Kvifor de er bra som par? Kva det er som kanskje gjer det verdt å halde på ho, til tross for dei vanskelege følelsane du har knytt til fortida hennar?

Om du tenker at det kan vere godt å reflektere og sparre saman med ein objektiv fagperson om tankane og følelsane som er utfordrande for deg, vil eg anbefale deg å sjekke ut vårt samtaletilbod.

Ønsker deg lykke til!

 

Vennlig hilsen fra studentlivsrådgiver

Jeg synes også du bør lese: