Spørsmål
Hei For litt sidan så møtte eg ei veldig søt og snill jente. Me starta å treffast ofta og me hadde det vledig fint saman, og etter kvart så vil eg sei eg fekk følelsar for ho. Ho hadde tidlig fortalt meg at ho hadde vanskelg med å få følelsar for folk så eg venta litt med å sei at eg hadde følelsar for ho. Men plutseleg ein dag så fortalte ho meg at ho hadde følelsar for meg. Eg hadde lenge trudd at dette kom til å glede meg, men i det ho sa det så følte eg på noko ubehag. Det var nesten som om hjerta mitt låste seg og eg mista alle gode følelsar eg hadde for ho. Dette synst eg var skikkelig rart fordi eg har lenge ønska meg ein kjærast og nokon som følte det samma for meg som eg følte for dei. Eg har to gongar hatt kjærlighetssorg fordi dei eg hadde følelsar for ikkje følte det samme for meg. Eg har hørt at dette kan ha noko med saken å gjere. At hjernen min kan ha utvikla ein forsvarsmekanisme for å ikkje kjenne på den smerten igjen. Kan dette stemme? Takk på førehand :)
Det er ikkje alltid så enkelt å forstå kvifor vi føler og handlar som vi gjer, og kanskje spesielt når det gjeld kjærleik og forelsking. Eg tenkjer at du reflekterar godt over det du opplever. Det er ikkje usannsynleg at det nettopp er ein forsvarsmekanisme som kickar inn, når du no kjenner på både ubehag og mangel på følelsar.
Kjærleikssorg og erfaringar med å ikkje bli møtt med gjensidige følelsar, kan sitte lenge i kroppen og i hovudet. Det er heilt naturleg å bli redd for å oppleve å bli såra eller avvist igjen. Alarmberedskapen i hjerna vår blir aktivert når vi kjenner igjen situasjonar og følelsar som vi har vore borte i tidligare. At du reagerar med å «skru av» følelsane for den jenta som du eigentleg likar godt, kan derfor handle om at du prøver å beskytte deg sjølv – bevisst eller meir ubevisst.
Du skildrar også at dette kom litt brått på deg. Ut fra det ho har sagt til deg tidligare, kan det virke som at du har prøvd å ikkje ha forventningar til at dette kunne bli noko. Når det no likevel viser seg at følelsane er gjensidige, kjem behovet for å «dra i nødbremsa». Kanskje heng dette også saman med dine tidligare erfaringar, redsel for å bli såra - og at det no er ein reell situasjon der eit kjærasteforhold faktisk kan bli noko av om du vil? Eller kan det vere at det handlar meir om at du eigentleg ikkje er klar til å ta forholdet til neste nivå, og at du treng meir tid?
Uansett kva du føler og tenker om forholdet ditt til denne jenta, så er det viktig at du kjenner etter kva som er riktig for deg. Kanskje kan det vere godt å snakke ut med ho om korleis du har det, kva du er redd for og kva erfaringar du har? Eller kanskje du kan tenke deg å sjekke ut samtaletilbodet ved din samskipnad, for å kunne sparre litt med ein nøytral samtalepartnar?
Eit spørsmål med element som lignar litt på ditt, med tilhøyrande svar, kan kanskje også vere fint å sjå litt på. Håpar dette var til nytte.
Ønsker deg lykke til!
Vennlig hilsen fra studentlivsrådgiver