Da eg talte ned dagane før avreise googla eg etter råd og historier frå andre som hadde vore på utveksling. Eg fann fleire lister med tips, men dei var vage og repeterande. «Pakk lett» - kva betyr det når du skal pakke for 4 årstider? «Bli kjent med lokalbefolkninga» - korleis? Eg kan knapt språket? «Grip alle moglegheitene du får» - okei, men kva gjer eg om eg ikkje får nokon? «Pass på verdisakene dine» - sjølvsagt! I løpet av året på utveksling fann eg svar på desse, men òg på problemstillingar eg ikkje hadde sett føre meg at eg skulle finne meg i. Difor har eg lista opp 4 tips eg gjerne skulle fått før eg reiste på utveksling.

1. Ha med deg nokre kopiar av eit passbilde

Ta eit godkjent passbilde, enten med fotograf eller i ein automat. Uansett om du treng visum eller ikkje er det ein kjempefordel å ha nokre kopiar liggande, berre så du har dei i tilfelle. Kanskje trengs det til eit busskort, student-id, eller noko heilt anna. I verste fall treng du det for å søke naudpass eller innreiseløyve til Norge, for eksempel viss du mistar passet ditt (her snakkar eg av erfaring). Det å da ha eit passbilde liggande sparar deg for mykje stress i ein allereie stressande situasjon. I dag har eg alltid eit par passbilde liggande ilag med passet mitt.

Finn telefonnummer du forhåpentlegvis ikkje kjem til å trenge

Finn og lagre viktige telefonnummer. I tillegg til naudnummer i det landet du skal til anbefaler eg å finne nummer til næraste norske ambassade eller konsulat, forsikringsselskapet ditt og kontaktnummer til universitetet både i Norge og dit du skal på utveksling. Viss du skulle trenge desse vil du ikkje bruke tid på å leite etter dei.

2. Skaff deg eit kredittkort

Dei fleste norske bankar tilbyr kredittkort sjølv til studentar, og dette bør du absolutt nytte deg av. Oppbevar det gjerne ein annan stad enn det vanlege bankkortet ditt i tilfelle lommeboka di blir stole eller mista. I tillegg er det veldig fint å ha eit alternativ viss banken plutseleg trur du blir svindla når mykje pengar (ofte småbeløp) går ut i eit framand land, eller du overfører pengar til utanlandske kontoar. Har du eit ekstra kort slepp du overtale banken om at det er du som har brukt kortet og at du ikkje blir svindla, slik at dei kan opne kortet igjen (enda ein gong snakkar eg av eiga erfaring). Og hugs å fjerne regionsperrer på korta dine før du reiser.

3. Lær deg kvardagsfraser på lokalspråket

Det seier seg kanskje sjølv at å kunne litt av lokalspråket er viktig. Men før eg reiste på utveksling skulle eg ønskje nokon hadde mint meg på at eg måtte øve på heilt grunnleggande fraser og ord. Eg hadde pugga grammatikk og gloser, men skjønte ikkje kva mannen bak kassa i butikken sa da han spurte om eg ville ha pose. Øv på å forstå slike vanlege spørsmål som «Vil du ha pose/kvittering?», «Har du billett?», «Står du i kø?». Og når du først øver deg på språket, lær deg nokre fraser du veit du kjem til å få bruk for i kvardagen. For eksempel «Kvar er ____?», «Når opnar ____», «Kor mykje kostar ___?», «Kan eg få rekninga?», og sjølvsagt «Unnskyld eg forstår ikkje, kan du gjenta/kan du engelsk?», eller min favoritt «Unnskyld, kan du snakke litt saktare?»

4. Bli kjent i din nye by

Bruk internett til å gjere deg kjent i din nye by. Google maps er ein kjemperessurs. Finn ut kor næraste busstopp er og kva som er den beste reisemåten for deg når du skal til universitetet. Kvar er næraste matbutikk, apotek, bar, osv? Har du litt oversikt over dette gjer du alt lettare for deg sjølv når du endeleg kjem fram. Elles er facebook fantastisk å ha for å planlegge sosialisering allereie før du skal reise. Finn facebooksida til ditt nye universitet og studentsamskipnad, og sjekk ut arrangementa dei har framover. Bli med i grupper for studentar på ditt studie, grupper for utvekslingselevar, grupper for expats – det er så mange moglegheiter. Meld deg inn, skriv ein post, og du har allereie begynt å bygge eit nettverk.