Hopp til innhold
?

Jeg føler meg ikke motivert og flink lenger. Hva kan jeg gjøre?

Kvinne 23 . 18 Mars 2024

Spørsmål

På videregående klarte jeg å holde fokus. Jeg var veldig motivert. Jeg gjorde det bra på skolen og trente mye. Nå er jeg ufokusert. Jeg gjør det dårligere på skolen. Trener ikke så mye. Jeg føler jeg hadde skikkelig godt potensiale, men at jeg har skuslet alt bort. Jeg kunne bli så mye men nå er jeg bare middelmådig og ser ikke hvorfor jeg skal jobbe hardt for å ikke være middelmådig heller. Jeg klarer ikke å finne en mening. Jeg vet ikke hva jeg vil bruke livet mitt på. Jeg føler meg mislykket. Hva skal jeg gjøre? Jeg synes heller ikke det er så gøy å dra på fest lenger. Det syntes jeg før. Er sjeldent jeg har det gøy og er glad generelt. Er ikke så trist heller.

Kvinne (23)

Psykolog svarer

Hei

Slik eg les spørsmålet ditt, skildrar du at det har skjedd mykje i overgangen frå å gå på vidaregåande til å bli student. Motivasjonen din er endra, du underpresterer og du slit med å finne meining og glede. No lurer du på kva du kan gjere med dette.

Det er vanskeleg å gi deg eit tydeleg råd om kva som kan vere til hjelp. Men eg tenkte å dele nokon tankar eg har om overgangen ein går gjennom når ein blir student. Kanskje kjenner du igjen i noko av det?

Overgangen frå vidaregåande til universitet er krevjande. Dei fleste bur med foreldra sine medan dei går på vidaregåande og får hjelp med mat, klesvask og til å halde struktur og orden på kvardagen. På vidaregåande skule er arbeidsoppgåvene tydelege med klart pensum, timar å møte til og klare lekser. Når ein flyttar for seg sjølv er det mykje som endrar seg. Ein må ta ansvar for eigen kvardag med husarbeid, matinntak, døgnrytme og planlegging. I tillegg er det å studere på universitet ei mykje mindre tydeleg oppgåve enn det å gå på vidaregåande. Det er ofte frivillig å møte opp, det er ingen lekser, ein må lese pensum annarleis og det er ingen lærar som passar på at du gjer leksene dine. Som psykolog har eg møtt mange studentar som får ulike plager i denne overgangen, og eg vil seie at det er normalt og vanleg.

Mange som er studentar brukar også mykje tid på å tenke på om studievalet ein har gjort er riktig. Kanskje har ein har valgt studieretning basert på kva ein har vore flink i, kva foreldre har tenkt har vore lurt og kva som høyrast fint ut. Kva ein eigentleg har lyst til kjem i andre rekkje. Mange synast det er vanskeleg å fortelle  at at ein har lyst til å studere noko andre er ueinig i er lurt. Mange som har det slik, merkar at det blir vanskeleg å vere motivert og finne glede. 

Det er også ein del av det å vere menneske å oppleve at overgangar er vanskeleg. Det er vanleg å streve når ein byttar skule, når ein kjem i puberteten, når ein flyttar heimefrå, når ein blir sambuar eller blir forelder. Vi er alle forskjellige kva slags overgangar som er vanskelege for oss. Og kanskje er det også noko anna som har foregått i livet ditt i denne perioden som har vore vanskeleg?

Eg håper at noko av dette har vore nyttig for deg. Om du treng nokon å snakke med har den lokale studentsamskipnaden din både dyktige rågjevarar, helsesjukepleiarar og terapeutar.

Mental Helse: 116 123 (hele døgnet)
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Chat med Kirkens SOS hver dag fra 18.30-22.30 (fredag frem til 01.30)
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) (Alle dager fra kl 16.00 til kl 06.00)Du kan også snakke med nokon anonymt gjennom desse tjenestane:

Eg har også lagt ved ein artikkel som kanskje kan vere nyttig.

 

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: