Trening er bra, viktig og sunt. Likevel er det ikkje alltid like lett å få trening inn i ein hektisk kvardag. Men dei 30 minutta folkehelseinstituttet anbefaler med dagleg fysisk aktivitet treng ikkje vere ei nøye planlagt treningsøkt. Det er alt du gjer av fysisk aktivitet i løpet av ein dag. Når ein ser på det slik er 30 minutt med aktivitet nokså overkommeleg. Og litt er mykje betre enn ingenting. Her er nokre kvardagsscenario og korleis du kan få til enda litt meir fysisk aktivitet gjennom dei.

Gå til universitetet

Det tar litt lengre tid, men å gå til universitetet, eller andre stader du skal, er ein enkel måte å få bevegd seg i løpet av dagen. Ta turen som ei avkopling, sett på god musikk eller ein podcast, ring ein ven, eller nyt stillheita (eller meir realistisk lydane av Oslo). På denne måten får du gjort noko godt for både kropp og sjel.

Gå mens du ventar

Viss du skal ta kollektivtransport, men likevel må vente er det eit tips å gå til neste haldeplass. Da får du bevegd deg, og det er ikkje like kjedeleg som å stå å vente.

STUDENTSKRIBENT

Hei! Studenterspør redaksjonen har ansatt studenter til å produsere innhold på sidene våre. Denne artikkelen er derfor til deg som student, fra en student.

Ta trappa

Skal du til fjerde etasje? Ta trappa, det er uansett ikkje mykje tid du sparer med å ta heisa. Å gå trapper er ein veldig god form for trening.

Vask hybelen

Det må gjerast av og til så kombiner det med bevisst å auke den fysiske innsatsen, samtidig som du gjer noko viktig for trivsel og velvære. Vask nøye, flytt på kommodar og vask golvet, vask under senga, tørk støv av toppen på klesskapet, vask på dei plassane du vanlegvis gløymer. Samtidig kan du sette på ein klesvask, og gå trappane til og frå vaskekjellaren. Ingenting er som å slappe av med ein god serie eller film i ein rein hybel, reine sengeklede og kjenne at du har brukt kroppen til noko produktivt.

Reis deg frå stolen og beveg deg

Både ein bra moglegheit til å få inn litt fysisk aktivitet i studiekvardagen, samtidig som det kan auke fokus og konsentrasjon. Reis deg frå stolen, strekk ut, ta 10 knebøy og gå litt rundt. Me menneske er ikkje skapt for å sitte på ein stol heile dagen, og skuldre og nakke blir fort stive og anspente av ein slik kvardag. Om du sitt på lesesalen er det ikkje så kult å reise seg å ta 10 knebøy (sjølv om dei fleste sikkert hadde hatt godt av det) men ta deg 10 minutt pause og gå ein runde ute på campus.

Gåande kaffipause

Har du avtalt ei kaffipause med ein ven? Om veret er fint kan det gjere godt å ta kaffipausa som ein gåtur.