Hopp til innhold
?

Jeg er engstelig og trenger veldig mye bekreftelse - hva skal jeg gjøre?

Kvinne 22 . 17 August 2023

Spørsmål

Jeg er en jente som sliter med å være i forhold fordi jeg er konstant redd for å bli forlat, eller ikke blir elsker nok. Trenger veldig mye bekreftelse og typen min begynner å bli lei av de samme kranglene. Jeg har en tendens til å slå opp når ting blir vanskelig, det kan være en form for forsvarsmekanisme. I tidligere forhold har jeg opplevd utroskap. Vi har konstante krangler og det går utover psyken vår, jeg ønsker ikke å gjøre det slutt og det gjør ikke typen heller. Jeg vet ikke hva jeg skal gjøre… ingenting hjelper mot den angsten jeg føler på.

Kvinne (22)

Psykolog svarer

Hei

Det høyrast ut som det er mykje som skjer på innsida di når du er saman med kjærasten din, og at du ender opp engsteleg og usikker. Eg skal prøve å hjelpe deg ved å forsøke å sortere litt i det du seier. Kanskje blir det lettare for deg då å forstå kva du ønsker å gjere?

Først av alt høyrast det ut som du er saman med ein som du bryr deg om og som vekkjer gode kjensler i deg. Du seier nemleg at du ikkje vil gjere det slutt, og i tillegg tek du kontakt hit . Paradoksalt nok er det skummelt for mange å kjenne på gode kjensler for andre. Det kan føre til at ein stoler på og slepp andre innpå seg. Mange har blanda erfaringar med å stille seg sårbar og å stole på andre, både frå oppvekst, med vennar og med kjærastar. Gode kjensler kan dermed vekkje til live gamle og vonde kjensler. 

Du skriv at du har opplevd uttruskap i tidlegare relasjonar. Det er ikkje rart at det å kjenne gode kjensler overfor kjærasten din vekkjer minner frå andre du har vore glad i. Med disse minna kjem sjølvsagt også kjenslene som var knytt til å bli utsatt for utruskap. Kan det vere at det er ganske stressande å bli minna på det vonde når du er saman med kjærasten din?

Eg lurer på om du forsøker å handtere dette ved å prøve å få bekreftelse på at han annarleis enn eksane dine. Det er ikkje rart! Du har jo ikkje lyst til å oppleve smertefull utroskap igjen! Men samstundes høyrast det ut som at dette fører til kranglar og slitasje. Ei løysing du har erfaring med er å gjere det slutt, men det høyrast ut som du tenkjer at det er ein måte å unngå det vanskelege på. 

Dersom dette stemmer har eg eit par tips:

  • Ta eit steg tilbake og observer forholdet ditt: Er det ting som tyder på at han skal svikte deg? Eller er det tidlegare forhold som gjer deg sårbar for slike tankar?
  • Prøv å tillate deg å kjenner på kjenslene dine knytt til tidlegare forhold. Dette vil ofte vere følelsar som sinne, sorg, skuldkjensle, men også gode kjensler. Å kjenne kjenslene sine gjer det lettare å skilje kva som handlar om å forholdet ditt no og kva som handlar om tidlegare forhold.
  • Prøv å ta ei lita tenkepause når du kjenner på impulsen om å få kjærasten din til å bekrefte deg. Handlar dette om deg og han? Eller handlar det om dei tidlegare erfaringane dine?

Å handtere denne typen utfordringar aleine er vanskeleg. Kanskje skal du vurdere å snakke med nokon? Kanskje har du vennar eller familie som kan kjenne seg igjen i dette og som kan vere ein god samtalepartnar? Den lokale studentasamskipnaden din har også erfarne samtalepartnarar som kan hjelpe deg med å sortere. Det har også Studenttelefonen (Tlf. 116123).

Eg har også lagt ved nokon artiklar som kan vere nyttig for deg.

Lukke til!

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: