Hopp til innhold
?

Jeg sliter med overtrening. Hva kan jeg gjøre?

Kvinne 19 . 06 Oktober 2023

Spørsmål

Overtrening Hei, jeg sliter med overtrening. Jeg vet at det er dårlig for meg, men føler litt for ofte jeg ender opp med det - og da også pådrar meg idrettsskader o.l. Hvordan stopper jeg med dette?

Kvinne (19)

Psykolog svarer

Hei

Overtrening kan ha mange årsaker. Kva ein skal gjere for å unngå overtrening vil vere nært knytt til kva som er årsaka til problemet, så eg skal gå gjennom eit par typiske scenario.

Kunnskap

Ein vanleg grunn til overtrening er at ein forsøker å trene mykje og hardt, men manglar kunnskap om korleis legge opp eit trygt treningsopplegg. Skal du trene mykje er det viktig å med variasjon i øvelsar, god restitusjon og godt kosthold. Det kan vere at du trener på deg idrettsskadar pga at treningsopplegget ditt ikkje er balansert nok. Har du mistanke om at det kan vere slik kan ein treningsveileder hjelpe deg. Dei fleste studentsamskipnadane har tilsette som kan hjelpe deg å sette saman eit godt treningsopplegg.

Å oversjå signala frå kroppen

Dersom du er trygg på at du har satt saman eig godt og variert treningsopplegg, kan problemet vere at du ikkje lytter godt nok til deg sjølv. Seier kroppen ifrå om at noko gjer vondt, at det er lite overskot eller at det murrar ein plass? Dersom ein er i god flyt med treninga, føler at det går framover og at ein trivast med det ein gjer, så kan det vere vanskeleg å ta slike signal på alvor. Ein har jo det gøy! Da er det fort gjort å tenke at det går over, og så har det plutseleg blitt for mykje. Da er det viktig å hugse på at den litt kjipe pausen når ein er i flyt kan hindre eit lengre skadeavbrekk.

Trening som unngåing

Nokon brukar også trening for å sleppe å ta innover seg vanskelege tankar og kjensler. Ved å trene hardt og intenst blir ein distrahert frå ting som er vanskeleg i livet. Dette kan fungere ein periode, men mange opplever at treninga blir ubalansert og overdriven. Da risikerer du å trene meir enn kroppen toler, og du sit igjen både med ein idrettsskade, og med vanskelege kjensler. Dersom det er slik for deg kan du vurdere å snakke med nokon om kva du strevar med. Kanskje har du nokon i nettverket ditt som veit litt om, eller har litt erfaring med slike vanskar? Den lokale studentsamskipnaden din har også rådgjevarar, helsesjukepleiarar og terapeutar som er vande til å snakke om denne typen problematikk.

Eg har også lagt ved ein artikkel som kan vere nyttig for deg.

Lukke til!

Venleg helsing frå psykologen

Jeg synes også du bør lese: