Spørsmål
Hei! Jeg sliter ekstremt med biting av neglebånd og hud rundt negler. Dette gjør meg usikker på hendene mine da fingrene konstant er dekket av ødelagt hud og åpne sår. Jeg fikler alltid med å enten bite eller rive. Er dette en form for selvskading? Jeg klarer hvert fall ikke å stoppe selv om jeg vet at jeg burde stoppe.
Psykolog svarer
Å bite og pirke slik på neglane sine høyrast veldig vondt ut! Det er ikkje godt å vite kva slags fenomen dette er for akkurat deg. Men eg vil gjerne tenke litt høgt, og kanskje er det noko av dette som kan vere til hjelp for deg?
Vi menneske er vanedyr
Mykje av det vi menneske gjer gjer vi på autopilot. Vi har alle vaner og uvaner som skaper både små og store konsekvensar for oss. Og når vi først er vand til noko og gjer det automatisk, er det vanskeleg å slutte. Kanskje er det slik at du har blitt vant til å pirke på neglane dine, og no har det blitt ei problemfylt uvane? I såfall vil eg anbefale deg å lese artikkelen som eg har lagt ved som gir gode tips for å slutte med neglebiting.
Utløp for stress
Nokon gongar er uvaner, slik som neglebiting og -pirking ein ubevisst og automatisk strategi for å kvitte oss med stress og uro. Nokon fiklar med pennar, vippar med foten eller trommer med fingrane, andre nappar hår, bit neglar eller klip seg sjølv. Når slike uvaner har ein slags nyttig funksjon for oss, som f.eks. å regulere stress og angst, blir det vanskeleg er det å slutte. Forsøk i såfall å finne ut kva som stressar deg og kanskje kan du snakke med nokon om det, slik at du kan finne andre måtar å handtere stress på. Det går også an å kjøpe seg ein stressball eller ei fidget-leike for å prøve å bytte strategi.
Sjølvskading
For nokon er slik åtferd sjølvskading. Sjølvskading er ein effektiv måte å skifte fokus frå noko som er vondt på innsida til noko som er vondt på utsida. Mange synast det er lettare å handtere noko fysisk vondt enn det som er psykisk vondt, og det blir slik ein veldig effektiv avledningsmanøver frå det psykologisk vanskelege. Det er også slik at når vi får fysisk vondt skil kroppen ut naturlege smertestillande hormon. Dette demper både den fysiske og den psykologiske smerten. Problemet er berre det at vi får sår, arr, vondter og plager som ofte er meir problematisk enn den opprinnelege smerten.
For nokon er det nyttig å finne nokon å snakke med om stress, angst eller andre indre vanskar som ein unngår på slike måtar som vi snakkar om her. For mange er det tilstrekkeleg å snakke med ein venn eller ein slektning, men nokon ønskjer ein utanforståande å snakke med. Hos desse tenestene kan du snakke anonymt:
Mental Helse: 116 123 (hele døgnet)
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Chat med Kirkens SOS hver dag fra 18.30-22.30 (fredag frem til 01.30)
Studenttelefonen: 116 123 (tast 3) (Alle dager fra kl 16.00 til kl 06.00)
Den lokale samskipnaden din har også erfarne samtalepartnarar.
Håper at dette var nyttig og at du finn ut av neglepirkinga di!
Venleg helsing frå psykologen