Å bruke sykkel som framkomstmiddel har mange fordelar – det går fort, du er i aktivitet (som både er sunt og kan hjelpe deg å vakne før du kjem til lesesalen), og det er heilt gratis. Likevel er det ikkje så lett å kaste seg ut i trafikken i Oslo om du ikkje er vand med det. Det er mykje å hugse på, og for meg var terskelen høg for å ta i bruk sykkelen her i Oslo. Difor leste eg meg litt opp og vil gjerne samle dei viktigaste punkta her, slik at det kan bli litt lettare for deg å begynne å sykle i Oslo. Lenkene eg har brukt ligg nedst viss du vil lese vidare.

Tryggleik

Først av alt: Bruk hjelm. Du er ein del av trafikken og som ein mjuk trafikant er du spesielt utsett, du er mindre synleg og meir utsett for ulykker. Det er ikkje vits i å ta nokon sjansar, sjølv på ein kort tur. Regelmessig vedlikehald av sykkelen er viktig, og i Oslo er det fleire servicestasjonar med verktøy og sykkelpumpe du kan bruke heilt gratis. Desse er markert på Oslo kommune sitt sykkelkart saman med sykkelvegar og ruter, bysykkelstativ og sykkelhotell. I tillegg er det visse tekniske krav til sykkelen du bruker fordi sykkel blir sett på som eit køyretøy i trafikken, likestilt med bil. Er ikkje sykkelen utstyrt som den skal, kan du få bot.

  • To bremser, framme og bake
  • Raud refleks bak på sykkelen
  • Kvit eller gul refleks på begge sider av pedalane
  • Lykt med kvitt eller gult lys framme på sykkelen
  • Lykt med raudt lys bake på sykkelen
  • Ringeklokke
  • For el-sykkel er det i tillegg krav til motoren og verkemåte.

STUDENTSKRIBENT

Hei! Studenterspør redaksjonen har ansatt studenter til å produsere innhold på sidene våre. Denne artikkelen er derfor til deg som student, fra en student

Trafikkreglar

Har du bil-lappen er det ein fordel, men det er sjølvsagt ikkje noko krav om å ha det for å sykle. Derimot har du eit ansvar for å sette deg inn i trafikkreglane, og følgje dei. Du kan få bot for brot av trafikkreglane, også som syklist.

  • Du har vikeplikt frå høgre (altså må du stoppe for trafikk som kjem
  • frå høgre for deg)
  • Du har vikeplikt for fotgjengarar som kryssar gangfelt
  • Du må stoppe for raudt lys
  • Du må gje teikne når du skal svinge (teikn gjer du med å strekke ut handa i den retninga du skal svinge, gje teikn før du startar på svingen)
  • Du må følgje fartsgrensa

I kollektivfelt

Syklistar kan sykle i kollektivfelt, men her må du vere obs på å halde deg unna blindsona til bussen. Blindsona er soner på sida av bussen der bussjåføren ikkje kan sjå deg.

På gang-og-sykkelveg

  • Vis omsyn for fotgjengarar
  • Som syklist skal du halde til høgre
  • Fortau - Helst skal du ikkje sykle på fortau, men om du må skal du sykle i gangfart

I sykkelfelt

  • Du må sykle i den retninga trafikken går, altså du kan berre sykle på høgre side av vegen
  • Følgje særskilt trafikklys for sykkel (der det finns)

I tillegg til desse krava og reglane er det andre ting det kan vere greitt å tenkje på som syklist i Oslo.

Trikkeskinner, busslommer og parkerte bilar

Du har alltid vikeplikt for trikken (også som fotgjengar), men som syklist er det lurt å vere litt obs på trikkeskinnene. Syklar du langs med dei kan det vere lett å sette hjulet fast i skinna, eller berre komme ut av balanse og velte. For å unngå dette er det lurt å sykle meir på tvers av trikkeskinnene.

Når du syklar i sykkelfelt må du likevel vere obs på kollektivtrafikken. Fleire plassar går busslomma inn i sykkelfeltet og som nemnt har bussen ei blindsone der du ikkje er synleg for bussjåføren. Elles finst det sykkelfelt med bilparkering til høgre. Altså, ver oppmerksam på at her kan det plutseleg opnast ei bildør rett ut i sykkelfeltet. I sykkelfelt er det vanskeleg å sykle forbi andre. Det er ikkje alltid det er nødvendig, men ikkje alle syklar like fort (i alle fall ikkje eg oppover til Blindern). For å gjere det litt lettare om nokon ønskjer å køyre forbi meg syklar eg alltid til høgre i sykkelfeltet. Da får dei som skal forbi litt meir plass i sykkelfeltet og treng kanskje ikkje å sykle i vegbana i det heile tatt.

Håper dette kan gjere det litt lettare å ta i bruk sykkelen i Oslo! God tur!

Sykkelkart: https://www.oslo.kommune.no/gate-transport-og-parkering/sykkel/sykkelkart/ Tekniske krav til sykkelen: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/trafikksikkerhet/sikker-pa-sykkel/tekniske-krav/ Trafikkreglar for syklister: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/trafikkregler/trafikkregler-for-syklister/ Oversikt over ulike skilt: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/trafikkskilt/ Vikepliktreglar for syklistar: https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/trafikkregler/vikeplikt-for-syklister/ @sykkelioslo på instagram