Eit kjapt google-søk resulterer i drøssevis av lister om det å halde presentasjonar, men dei fleste handlar om korleis å halde ein god presentasjon med tanke på innhald, struktur og formidling. Dette er sjølvsagt viktig, men uansett kor god presentasjonen din er kan nervane øydelegge. Difor vil eg dele det eg brukar å tenkje på før eg skal halde ein presentasjon for at nervane ikkje skal ta overhand. Det er ikkje sikkert du finn nytte i alle tipsa, men les gjennom og prøv ut for å finne ut kva som kan vere hjelpsamt for deg.

Førebu deg godt

Øv på det du skal seie, men ikkje pugg det ord for ord. Det kan kjennest trygt å kunne manuset på rams, men du kjem til å gløyme noko. Og viss du berre har pugga alt kan det å gløyme eit ord gjere at du kjem heilt ut av det. For meg er det betre å ha stikkord som gjer at eg hugsar hovudbodskapen eg skal få fram. Når eg øver på presentasjonen finn eg ut av kva for nokre stikkord eg treng for å hugse det eg vil få med. I tillegg er det lettare å engasjere publikum når du fortel noko i staden for å ramse opp noko du har pugga.

STUDENTSKRIBENT

Hei! Studenterspør redaksjonen har ansatt studenter til å produsere innhold på sidene våre. Denne artikkelen er derfor til deg som student, fra en student.

Få opp pulsen og øv

Når du blir nervøs og stressa aukar pulsen din, og dette kan gjere deg enda meir stressa slik at du snakkar alt for fort eller gløymer alt du vil seie. Heldigvis kan du førebu deg på korleis det er. Gjer eit eller anna for å få opp pulsen - spring trapper, ta 10 burpees, spring på staden - og så øver du på presentasjonen din, høgt slik at det blir mest mogleg likt den faktiske situasjonen. På denne måten vil du vere vandt til at pulsen din er litt høgare enn vanleg når du skal framføre, og det vil ikkje påverke deg i så stor grad.

Sett deg inn i stoffet

Forstå det du skal snakke om slik at du kan forklare det igjen om du får spørsmål om det. Og uansett kva presentasjonen handlar om kan du finne fram til noko du synes er interessant, konsentrer deg om dette. Om du synest stoffet er litt spennande eller det er noko du bryr deg om er det både lettare å hugse og å skulle fortelje om det til andre på ein engasjerande måte.

Fokuser på det du kan kontrollere

Når du skal halde ein presentasjon er det lett å begynne å tenkje på alt rundt deg som er utanfor din kontroll, spesielt publikum. Prøv heller å fokusere på det du faktisk kan gjere noko med. Power point, korleis skifte slides, lyd, når det er din tur, kvar du skal stå og slike ting kan du kontrollere. Fokuser på dette og på det du har øvd på med auka puls, det du synest er spennande og stikkorda du har med deg. Når du fokuserer på det du kan kontrollere får alt anna, som du ikkje kan gjere noko med, mindre plass i tankane dine.

Når du er ferdig er du ferdig

Ikkje tenkt så mykje over korleis det gjekk med ein gong du er ferdig. Legg det heller litt frå deg og ver fornøgd med at du gjorde det, det er ein ‘win’ i seg sjølv. Når det har gått litt tid, om det er ein halvtime eller fleire dagar, kan du tenkje tilbake og finne ut kva som gjekk bra og kva du vil gjere betre neste gong. Tenk i tillegg gjennom kva som funka av det du gjorde i forkant for å førebu deg. Ved å tenke gjennom dette har du allereie gjort mykje av arbeidet for neste presentasjon du skal halde.

Mengdetrening

Som med så mykje anna er den beste måten for å gjere det lettare å halde presentasjonar å gjere det mange gonger, helst utan at det er så lenge mellom kvar gong. Ta dei sjansane du får, hald presentasjonar når du kan. Etter kvar gong blir det lettare, kanskje det til og med kan bli kjekt.