Eg landa på Sheremetyevo-flyplassen, og gjekk gjennom pass- og visumkontrollen utan problem. Eg skulle berre gjennom tollen før eg var klar til å utforske Moskva. Det viste seg å ikkje vere like lett. Kofferten min vart skanna og eg vart stoppa. Tollvakta snakka veldig fort og eg var nesten sikker på at han spurte kor mykje klokka var, men kvifor skulle han spør meg om det? Eg vart tatt til sides for å opne kofferten. Vakta gjekk gjennom alt innhaldet og eg tenkte febrilsk gjennom alt eg hadde pakka med meg – kunne nokon ha putta noko i kofferten min? Eg begynte å tvile på meg sjølv, kunne eg ha pakka med meg narkotika eller våpen? I den augneblinken var eg ikkje sikker på noko. Det var ikkje før han tok fram dei to klokkene mine at det endeleg gjekk opp for at han hadde spurt kor mykje klokkene kosta, ikkje kor mykje klokka var. Da han innsåg at dei ikkje var noko eg skulle selje vidare fekk eg pakke saman kofferten min og gå vidare.

Har dei gløymt meg?

Innkomsthallen var nesten tom, og eg såg fort at ingen frå universitetet venta på meg. Eg stilte meg opp midt i den store hallen og sjekka e-postar for å vere sikker på at eg ikkje hadde gløymt noko informasjon om møteplass, men neida. Eg veit ikkje kor lenge eg venta, men lenge nok til at stressnivået steig betrakteleg. Eg hadde ingen eg kunne ringe, og med norsk sim-kort var det grenser på kor mykje mobildata eg kunne bruke. Kor lenge skulle eg vente før eg prøvde å kome meg inn til byen på eigen hand? Seinare skulle eg forstå at det å vere for sein er heilt vanleg i Moskva på grunn av den uføreseielege trafikken og dei store avstandane. Til slutt kom det ein tilsett frå universitetet og presenterte seg. Han snakka like fort som tollvakta og kunne heller ikkje noko engelsk.

STUDENTSKRIBENT

Hei! Studenterspør redaksjonen har ansatt studenter til å produsere innhold på sidene våre. Denne artikkelen er derfor til deg som student, fra en student.

Kulturforskjellar 101

Han følgde meg til ein taxi og løfta kofferten min, som eg ikkje hadde løfta ein einaste gong sidan eg kom til Russland, inn i bilen. Sjølvsagt var det litt behageleg å sleppe å løfte den tunge kofferten, men likevel kjente eg på eit ubehag. Eg likar å greie ting sjølv, og visste jo at kvinnesynet i Russland er veldig ‘gammaldags’ samanlikna med Norge, noko eg ikkje ville føye meg etter. Den tilsette frå universitetet vinka og sa noko eg visste eg burde forstå, men det gjorde eg ikkje. Difor berre smilte eg, vinka og svarte «til deg òg» og håpte at han hadde ønska meg ein god kveld eller liknande. Likevel anar det meg at det ikkje var det han sa.

Taxisjåføren køyrte godt over fartsgrensa, enda noko eg skulle lære er heilt vanleg i Moskva kor du ikkje får bot før du køyrer meir enn 20km/t over fartsgrensa. Eg prata med taxisjåføren som var veldig interessert i Norge og utlandet generelt. Sidan det å presentere seg og snakke om kor du er frå er nokså standard repertoar i opplæring av framandspråk gjekk samtalen godt, i alle fall heilt til eg ville spør om han jobba mykje og om han hadde lite fri...Eg trur eg rett og slett spurte om han var ledig. På dette tidspunktet såg eg veldig fram til russisk-timane på universitetet, noko eg sidan eg landa i Moskva hadde innsett at eg verkeleg trengte.

Ny heim

Da eg kom fram til bustaden blei eg tatt i mot av ei streng, eldre dame, ei skikkeleg babushka med skaut på hovudet og sterke briller. Inne på kjøkkenet hadde ho stelt i stand eit måltid til meg, og eg fekk oppleve den russiske gjestfriheita. Eg vart plassert ved kjøkkenbordet og fekk ein tallerken med ukjent mat og eit stort glas kompott (heimelaga russisk saft). Sjølv gjekk ho rundt i den vesle leilegheita, rydda og klappa katten. Innimellom kom ho inn på det tronge kjøkkenet og serverte meg meir mat mens ho prata om eit eller anna. Det at ho varta slik opp for meg, og ikkje åt noko sjølv kjentest ikkje heilt rett. Eg leigde jo berre eit rom til ein veldig billig penge, og her var ho og ordna alt eg trengte og meir til. Det var uvant og eg følte meg ikkje heilt tilpass, likevel var eg veldig takknemleg. Eg ville gjerne seie noko meir enn berre tusen takk for å utrykke dette til babushkaen, men eg greidde ikkje formulere kor mykje eg satt pris på maten og velkomsten. Det vart med at eg heller sa tusen takk veldig mange gonger innimellom nokre klumsete forsøk på fulle setningar.

Trass i mine mindre vellykka forsøk på fulle russiske setningar greidde eg etter kvart å slappe litt av. Spenninga og gleda over å ha flytta til Russland kom tilbake der eg satt på kjøkkenet i ei standard sovjetisk boligblokk. Etter å ha kome meg gjennom denne dagen kunne eg fint greie eit år i Russland, og eg var klar for nye eventyr.