Ja, eg kjenner meg igjen. Når eg har vore i denne situasjonen har eg følgt 3 steg. Du treng den tida du har igjen, så eg skal kome til saken.

1. Lag ei oversikt over emnet.

Dette finn du med å sjå på tema frå førelesningar, kvalifiseringsoppgåver og tidlegare eksamenar. Dette er ein god peikepinn på kva som er viktig og relevant til eksamen.

2. Gå gjennom presentasjonar og notatar frå førelesningane.

Dette er grunnmuren i emnet. Noter deg gjennomgåande element, tema og teoriar.

3. Vel deg ut nokre tema

du føler du har meir kontroll på og jobb godt med desse. Ta utgangspunkt i presentasjonar frå førelesningar for finne ut kva på pensumlista du bør prioritere. Jobb med tidlegare eksamensoppgåver og sensorrettleiingar saman med pensum for å førebu deg til korleis eksamen blir.

Elles er nokre generelle råd:

  • Få nok søvn. Det kan virke som din einaste moglegheit er å døgne, men effekten av dette går ofte mot si hensikt.
  • Ikkje tenk på alt du burde ha gjort tidlegare, det kjem til å vere pensum du ikkje rekk over, men slik blei det denne gongen. Gjer det du kan no og fokuser på det.
  • Ikkje gje opp.
  • Ta lærdom av denne situasjonen og begynn eksamenslesinga i god tid før neste eksamensperiode.

Lykke til!