Heilt enkelt er eit budsjett ei oversikt over pengar som kjem inn og pengar som går ut. Heldigvis treng ikkje eit studentbudsjett vere så rigid og vanskeleg. Då eg slutta å sjå på eit budsjett som noko strengt og vanskeleg eg måtte følgje til punkt og prikke, men heller såg på det som eit hjelpemiddel for å ha oversikt over økonomien og ei rettesnor til bruk av pengar, vart det mykje lettare å følgje og eg ga ikkje opp slik eg hadde gjort så mange gonger tidlegare.

Kom i gang

Start med å finne ut kva for eit system du vil bruke for å ha oversikt over budsjettet ditt. Eit tips frå meg er å ha det lett tilgjengeleg – gjerne på mobilen. Da ha du moglegheit til å følgje med på pengebruken uansett kvar du er. Det finst fleire appar der ute som kan vere nyttige å bruke, eller så er eit enkelt Excel-skjema gull verdt. Til dømes har Intrum ein mal til budsjett som du kan laste ned og tilpasse ditt forbruk.

STUDENTSKRIBENT

Hei! Studenterspør redaksjonen har ansatt studenter til å produsere innhold på sidene våre. Denne artikkelen er derfor til deg som student, fra en student

Finn ut kor mykje du har å bruke kvar månad

Sett opp kva du fast får inn på kontoen kvar månad. Stipend og lån er greitt, og har du ein deltidsjobb sett du opp kor mykje du får utbetalt kvar månad. Sidan mange deltidsjobbar er basert på timelønn, og ikkje er den same summen kvar månad kan det vere ein ide å sette opp ein sum litt under det du vanlegvis får utbetalt. Dette gjer at du ikkje lagar eit budsjett basert på pengar du kanskje ikkje har. Dei pengane som da er ekstra kan brukast der det er nødvendig, eller kanskje til og med sparast til seinare.

Bruk storstipendet smart

Storstipendet som kjem i august og januar er lurt å sette til side på ein eigen konto, eller i alle fall delar av det. Dette kan vere ein buffer i tilfelle noko dukkar opp. Plutseleg må du ha ny mobil, reparere noko i leilegheita, eller andre uførutsette utgifter som ikkje kan utsettast. Ein annan moglegheit er å dele storstipendet utover semesteret. Eg fører over ein fast sum frå storstipendet kvar månad. På denne måten har eg litt ekstra å rutte med, men risikerer ikkje å bruke opp heile storstipendet på ein gong.

Finn ut kor mykje du bruker kvar månad i faste utgifter

Faste utgifter er greie å få oversikt over. Det er utgifter som husleige (straum og internett om det ikkje er inkludert i leiga), mobilabonnement, forsikringar, streaming-abonnement, gym-medlemskap, kollektivtransport og andre ting du betalar for fast kvar månad.

Finn ut kva du bruker resten av pengane dine på

Om du, som meg, synes det er vanskeleg å sette seg rett ned og vite kor mykje du brukar på andre ting, altså utgifter som ikkje er faste, er eit godt tips å bruke ei veke eller ein månad på å få oversikt over pengebruken din. Dette er smart for å avdekke vanar som kan virke billige men som samla blir ein stor utgift (bruk småutgiftskalkulatoren for å gjere dette). Del utgiftene inn i ulike kategoriar, som «mat», «klede», «transport», «sosialt» så får du eit godt overblikk.

Om du framleis synes det er vanskeleg å sette spesifikke summar til dei ulike kategoriane har Oslo Met ein forbrukskalkulator som kan vere til god hjelp.

Juster vanene dine om du må

Om du betaler for 3 streamingtenester eller om du et ute 4 dagar i veka kan det vere ein ide å endre på dette om du ønskjer betre økonomi. Ein latte kvar morgon kan til dømes bli nærmare 1000 kronar i månaden. Ukesmeny og innkjøp av mat ei gong i veka, kan òg redusere utgifter.

Sett deg eit mål

For mange studentar er det rett og slett eit mål å få det til å gå rundt, men kanskje kan du til og med greie å spare litt kvar månad? Det er lurt å spare slik at du i alle fall har ein buffer til du plutseleg skulle trenge det. Om du har andre mål, som ei reise eller å kjøpe deg noko nytt, kan det motivere deg til å si nei til unødvendige ting.

Før opp sparing i budsjettet

Basert på erfaring, er tankegangen ofte at det som er til overs kan sparast. Men da er det fort gjort at det ikkje er noko igjen som kan sparast. Det er her regelen om at eit budsjett skal gå i null er viktig. Det betyr ikkje at alle pengane skal brukast, men at sparing skal vere inkludert i budsjettet. Sett av ein sum til sparing kvar månad i budsjettet. Da er det lettare å faktisk få spart noko. For meg funkar denne kategorien òg som ein buffer kvar månad i tilfelle noko skulle dukke opp som eg ikkje har budsjettert for.

Gjer endringar etter kvart

For å lykkast med budsjettet må du følgje med og oppdatere det, gjere endringar og vite kva du har å bruke. Samanlikn budsjetta dine for kvar månad og du kan forbetre budsjettet for neste månad.

Det er ikkje noko gale i å flytte pengar frå «Klede» til «sosialt» eller omvendt. Dette er pengane du har til å bruke, det er betre å flytte dei mellom kategoriar og framleis halde deg til budsjettet, enn å gløyme heile greia. I Excel kan du ha fleire faner i same fil. Eg har ei fane for kvar månad, der alle er satt opp i same system. Da kan eg lett samanlikne og sjå kva som funka eller ikkje.

Keep checking in!

Følg med, det er litt artig, som eit kjipt Tetris-spel.

Ver realistisk og hald motet oppe

Når du lagar budsjettet er det lett å vere i overkant optimistisk. Om du ønskjer å minske forbruket ditt for å spare, kan det vere lurt å lage eit litt strengt budsjett, MEN det må ikkje vere så strengt at du ikkje greier å halde deg til det. Da er det fort gjort å gje opp å ende opp med å bruke mykje meir enn planlagt. Altså må eit budsjett vere realistisk.

Om du ikkje greier å følgje eit budsjett heilt til punkt og prikke kjem du langt med å ha ei oversikt over kva du får inn og kva som MÅ ut av faste utgifter og mat. Når du har denne oversikta veit du kva du har til å bruke på andre ting, og om du da følgjer med, skal det gå å få det til å vare heilt til neste stipend kjem.

Lykke til og god budsjettering!